Hopp til innhold

24-åring frå Litauen omkom i ulykka

24 år gamle Tomas Lekeckas frå Litauen omkom onsdag i dykkarulykka ved Marine Harvest sitt anlegg i Hyllestad.

Oppdrettsnlegget til Marine Harvest i Bøfjorden

OMKOM: Dødsulukka skjedde ved Marine Harvest sitt oppdrettsanlegg i Bøfjorden i Hyllestad. (Arkivfoto)

Foto: Ottar Starheim / NRK

Mannen arbeidde etter det NRK kjenner til for ein underleverandør av eit selskap som Marine Harvest kjøper dykkartenester frå.

Onsdag kveld omkom mannen i ei arbeidsulykke ved Tjørnes i Hyllestad.

Politiet opplyser torsdag ettermiddag at det var den 24 år gamle Tomas Lekeckas frå Litauen som omkom.

– Mannen dreiv på med eit dykk, då dei på land oppdaga at noko var gale. Dei varsla om hendinga og helsepersonell vart sendt til staden. Det vart prøvd gjenoppliving, utan at det lukkast, fekk NRK.no onsdag opplyst ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Den avdøde litauaren er send til Gades Institutt for obduksjon for å finne dødsårsaka.

Det er førebels uklart kva som var årsaka til arbeidsulykka ved oppdrettsanlegget i Hyllestad.