Hopp til innhold

Så lett lager du julesnacks

Juletapas med norsk vri kan vere eit godt alternativ til Grandiosa, Big One eller Taco i romjula. Vanskeleg er det heller ikkje.

Elin Haugen lagar matrettar i studio.

GODT OG ENKELT: Elin Haugen demonstrerer kor lett ein kan lage ein lettvint, smakfull og norsk juletapas.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Eg trur nok ikkje det kan konkurrere med pinnekjøtet på julekvelden. Der er vi nok veldig tradisjonelle. Men eg trur heller vi kan bli flinkare å byte ut til dømes skrekkeksempelet Grandiosa, smiler Elin Haugen.

Kombinasjonar

Juletapas

SMAKFULLT: Både heimelaga eplesider og ingefærøl passar godt til norsk juletapas.

Foto: Rune Fossum / NRK

Haugen er kokk i Helse Førde, og serverer nøgde gjestar på Dalen Næringssenter i Naustdal. Torsdag var ho julegjest i ettermiddagssendinga og presenterte lette matrettar som sjølv den dårlegaste kokk kan sette saman.

Ingrediensane? Norske, og aller helst, lokalproduserte produkt.

– Det blir laga veldig mykje godt pålegg som ein kan utnytte. Lammerull, sylteflesk, spekemat og spennande krydra pølser, som ein kan kombinere med sylteagurk og raudbetar, seier ho.

Ikkje matstress

Julemånaden er ei hektisk tid, og det trur Haugen er årsaka til at salet av den sjølvutnemnde folkepizzaen Grandiosa går godt. Folk treng noko raskt inn i mellom alt stresset i julestria.

Norsk juletapas

ENKELT: Ein treng ikkje vere meisterkokk for å lage smakfull juletapas.

Foto: Rune Fossum / NRK

Den er også ein rett som raskt blir klar når besøket kjem – gjerne som julekvelden på kjerringa. For mat er viktig i juletida. Men Haugen er oppteken av at ein ikkje lar jula bli «matstress».

– Eg får gåsehud berre eg ser ein Grandiosa, seier Haugen og meiner det er mange gode og lettvinte smårettar som lett kan erstatte kjøpepizzaen.

Enkel tapas

For ein kan gjere det både lettvint og smakfullt. Sjølv kan ho anbefale peparkaker med blå muggost og blåbærsyltetøy. Med flatbrød og lefse som undermateriale, kan ein også lage sin eigen juletapas.

Norsk juletapas

LAKS: Berre fantasien set grenser for kva julesnacks ein kan lage.

Foto: Rune Fossum / NRK

Og, ein kan gjere det svært enkelt:

– Det eg er vand med, frå då eg var ung, var å ha flatbrød med kalde poteter og spekeflesk på. Det er tapas. Vi treng ikkje gjere det meir komplisert enn det, seier ho og legg til at ein kan gjere det litt meir avansert enn det også.

Norsk tapas

– Eg likar å smørje rømme på flatbrødet, legge litt spekeflesk på og, sidan det er jul, ha julemandelpoteter på.

Men ein kan også ta lefser, eller potetkaker, som ein kan smørje agurkmiks eller sennep på. Raudbetar høyrer jula til, og kan sjølvsagt også nyttast.

– Så legg ein sylteflesket over, rullar saman og kuttar på skrått slik at det blir diagonale lefsebitar, fortel Haugen.

Ikkje for sterkt

Eit lite tips, er å velje vekk den vanlege pølsesennepen.

– Til jul skal du ikkje bruke den vanlege pølsesennepen som du elles kjøper. Det finst mange styrkar på den, men kjøp ein som ikkje er så veldig sterk, for det kan bli sterkt også, seier Haugen.

Med andre ord går julerettane kanskje mest under snacks, men også velsmakande snacks. Kanskje like viktig at:

(Artikkelen held fram under biletet)

Elin Haugen

LETTVINT: Elin Haugen demonstrerer korleis ho lagar juletapas.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Du finn det på nettet

– Ein skal jo ikkje ha oppvask heller i jula, og då er fingermat veldig lurt, smiler Haugen.

Norsk juletapas

SMAKFULLT: Norsk juletapas er godt og enkelt.

Foto: Rune Fossum / NRK

For dei som ynskjer å prøve seg fram med ulike rettar, har Haugen eitt godt råd; søk på nettet etter oppskrifter og tips.

– Du finn det aller, aller meste på nettet, seier ho.

Blir flinkare

Og Haugen har inntrykk av at folk har fått augo litt meir opp for å lage smakfulle rettar av lokalprodusert mat.

Berre fantasien kan setje grenser.

– Vi kjem oss. Industrien lagar veldig mykje godt, men så er det dette som er heimelaga. Og når ein kjem til høgtidene og spesielle dagar som vi har gjennom eit år, det er då ein trør til og lagar det som er tradisjon og dei smakar vi er vande med, seier ho.