Hopp til innhold

Trude Raad nominert

Friidrettsutøvaren Trude Raad frå Gloppen er nominert til ein pris på Idrettsgalla 2013.

Trude Raad

NOMINERT: Trude Raad

Foto: Sander Heggheim

Ho er nominert i klassen Årets kvinnelege funksjonshemma idrettsutøvar. Dei to andre nominerte er Mariann Vestbøstad Marthinsen (langrenn og symjing) og Sarah Louise Rung (symjing).

Sarah Louise Rung vann som mange hugsar gull i Paralympics i London i år. Trude fortel at ho fekk ein telefon frå Norges Idrettsforbund i 12-tida torsdag.

– Det var veldig stort å bli nominert, eg fekk vite det for ein time sidan. Eg vart veldig overraska, men det er utruleg kjekt.

– Korleis ser du på sjansen til å få prisen?

– Eg er vel ikkje den største favoritten, eg trur nok Sarah Louise Rung ligg betre an. Gull i Paralympics heng høgt. Men det er uansett veldig inspirerande å bli nominert. Eg er inne i ein tung treningsperiode no, så då gjer slikt godt.

22 år gamle Trude Raad er den nest beste sleggekastaren i landet, ho er høyrselshemma, og ho har teke fleire gullmedaljar i VM for døve.

Prisane skal delast ut på Idrettsgalla 2013 i Hamar OL-Amfi laurdag 12. januar.