Hopp til innhold

Første Villmark-glimt frå Harastølen

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Teaseren til grøssaren «Villmark 2» med Harastølen i Luster som ein viktig ingrediens er no klar.

Det er Filmkompaniet MadMonkey som står bak planane om å lage ein oppfølgjar til «Villmark», som hadde premiere i 2003 og som er kåra til den beste norske grøssaren.

Også den gongen vart ein god del av opptaka gjort i Sogn, på Kaupangerskogen. No er det Harastølen, det nedlagde tuberkulosesanatoriet i fjellsida over Luster som skal vere med på å framkalle kalde gys og hyl i kinosalen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Harastølen i forfall

SKAL RIVAST: Harastølen.

Foto: Raymond Lidal / NRK

Produsent Einar Loftesnes fortel at opptaka til teaseren vart gjort på Harastølen i slutten av november. Håpet er at sjølve filmopptaka kan gjerast i april-mai 2013.

Men først må finansieringa av filmen på plass, manuset er heller ikkje ferdigskrive.

– Vi er midt i manusskrivinga no, og rollebesetninga er heller ikkje klar.

Har handlinga før rivinga

Det har tidlegare vore skrive at handlinga i filmen skal gå parallelt med rivinga av Harastølen, men det stemmer ikkje, seier Loftesnes.

– Handlinga i filmen er før bygningen blir riven, vi tenkjer oss at filmen sluttar med at rivinga er i gang.

Akkurat det er eit usikkert moment, for tidspunktet for riving av Harastølen er ikkje heilt fastsett. Loftesnes er førespegla at det skjer til sommaren.

(Artikkelen held fram under biletet)

Grøssar på Harastølen

SKUMMELT: Det er neppe vanskeleg å skape nifs stemning i den gamle bygningen på Harastølen.

Foto: Filmkompaniet MadMonkey

Blir eksponerte for skremmande fortid

I «Villmark 2 - vannet våkner» er det nedlagde sanatoriet plassert i skogane nedanfor vatnet mange hugsar frå den første Villmark-filmen. Sanatoriet skal rivast, og fem arbeidarar skal sjekke bygningen for eventuelt miljøfarleg avfall først.

Men dette oppdraget blir meir skremmande enn dei kjenslene asbest og kvikksølv kan framkalle. For dei fem blir eksponerte for den skremmande fortida til sanatoriet.

Mystiske spor fører dei tilbake til det mørke vatnet frå «Villmark», og ei grufull hending frå mange år tilbake kjem til overflata.