Hopp til innhold

Sikta for alvorleg familievald

Ein mann frå Nordfjord vert i dag framstilt for varetektsfengsling, sikta for alvorlege valdstilfelle mot eit nærståande familiemedlem.

Fjordane tingrett

FENGSLINGSMØTE: Ein mann frå Nordfjord blir framstilt for fengsling i Fjordane tingrett i dag.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Mannen vart arrestert heime tysdag denne veka, no ønskjer politiet å få mannen sett i varetekt for å unngå at han øydelegg eventuelle bevis i saka.

– Mannen er sikta etter paragraf 229 i straffelova som omhandlar lekamskrenking, fortel politiadvokat Knut Broberg til NRK.

– Kva kan du seie om kva som har skjedd i saka?

– Om omsyn til etterforskinga ønskjer vi ikkje å gå med så mykje informasjon enno. Mannen er sikta for å ha utført vald mot eit familiemedlem.

– Er vald mot barn omfatta av siktinga?

– Nei, det er det ikkje. Han er heller ikkje kjend for oss frå tidlegare når det gjeld slike saker, seier Broberg.

Knut Broberg

AKTOR: Politiadvokat Knut Broberg. Biletet frå ei tidlegare rettssak.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Paragraf 229 i straffelova slår fast at dersom lekamskrenkinga ikkje fører til minst to veker sjukemelding, så er strafferamma inntil fire års fengsel.

Det er venta at Fjordane tingrett vil treffe ei avgjersle om fengsling i løpet av ettermiddagen.