Hopp til innhold

Køyrde av vegen - hamna på taket

Ein bil med to personar køyrde av vegen ved Norddalsfjord-brua i Flora kommune torsdag morgon.

Hamna på taket etter utforkøyring
Foto: NRK-tipsar

Bil hamna på taket

OPP NED: Slik enda turen for dei to personane torsdag morgon.

Foto: NRK-tipsar

Trafikkuhellet skjedde på fylkesveg 614 i halv åtte-tida. Bilen sklei av vegen og hamna på taket i grøfta. Dei to personane kom frå det utan skader, opplyser politiet.

Ambulanse og brannmannskap blei sende til staden. Bilberging er også på veg. Ifølgje politiet er det glatt veg på staden.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.