Hopp til innhold

Kvit start på jula, men så set regnet inn

Kanskje, men berre kanskje, kan du sjå fram til ei kvit julaftan i år. Men så blir det vått ...

Vinter på Byrkjelo.

VINTER: Byrkjelo kan nok bli kvitkledd på julaftan, men snødekket blir nok ikkje verre enn at det forsvinn med regnet allereie 1. juledag. (Arkivfoto).

Foto: Kristin S. Bjørkelo

Vêrgudane har så langt ikkje gjort mykje for dei som ynskjer seg kvit jul. Desember har vore ein vêrmessig stabil månad med heller lite nedbør.

Denne stabile vêrtypen ser ut til å halde seg.

– Frålandsvinden og det tørre vêret vil halde fram. Det ser ikkje ut som om det blir vêrskifte i tida framover mot jul, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid.

Så tørt har det vore

Medan Vêrvarslinga på Vestlandet sine målestasjonar i Lærdal, Stryn, Takle, Førde og Vangsnes målte nedbør tilsvarande mellom 206 og 158 prosent av normalen i fjor, viser ikkje nedbøren så langt særskilt att i statistikken.

Til dømes har både Førde (2 mm), Sandane (1 mm) og Stryn (2,4 mm) nedbør tilsvarande ein prosent av normalen i årets desembermånad. Elles så våte Takle har med sine 12,5 mm tre prosent av normalen.

Det same gjeld Vangsnes (4,1 mm). Tre millimeter nedbør i Lærdal svarar til seks prosent av normalen.

Ti blå grader

Meir nedbør vil komme, men det skal nok meir til enn ein «Dagmar» i år for å nå opp mot den mykje omtala normalen. For også dei neste dagane blir tørre, og temperaturen vil falle.

I helga vil kvikksølvet passere under ti minusgrader fleire stadar. Før dei som ynskjer kvit jul får ynsket sitt oppfylt. For samstundes som dei mange pakkane blir opna julaftan, vil varmare temperaturar spreie seg frå kysten og innover landet.

– Julaftan ser det ut til å vere eit verskifte på gang. Eit mildt lågtrykk frå vest pressar på mot kaldlufta som ligg over Sør-Norge. Det er venta nedbør innpå julaftan og over mange område vil den først falle som snø, seier Fagerlid.

Våt slutt på året

Men gleda vil vere kortvarig. Like fort som snøen kom, så vil temperaturane stige – og snøen forsvinne att. Og då blir det vått.

– Har vi flaks, så kjem nedbøren som snø og så går det over til regn på første juledag, held Fagerlid fram.

Og den vêrtypen ser ut til å halde seg. Det er ikkje venta dei heilt store nedbørsmengdene, men ei jamn tilstrauming av regn. Men ei lita trøyst er nok at i alle fall julaftan ser ut til å bli kvit ...

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.