Hopp til innhold

Sambuarpar kan hamne i kvart sitt ting

Sambuarparet Frank Willy Djuvik og Ramona Jakobsen er begge Frp-kandidatar ved valet til hausten. Men dei stiller til kvart sitt val ...

Ramona Jakobsen og Frank Willy Djuvik

SAMBUARAR: Ramona Jakobsen og Frank Willy Djuvik kan hamne i kvart sitt ting neste år.

Foto: Rune Fossum / NRK

Medan Frank Willy Djuvik er toppkandidat for Framstegspartiet i Sogn og Fjordane ved stortingsvalet, kan sambuaren Ramona Jakobsen bli fylkes første representant på Sametinget.

– Sjansen er nok yttarst minimal, men skulle no Framstegspartiet få 80 prosent av røystene under Sametingsvalet, så kan ho komme inn som fast representant, gliser Djuvik.

Kan bli vara

Sjølv har ikkje Jakobsen rekna på sjansane sine, slik sambuar og framståande Frp-politikar i fylket, Djuvik, har gjort.

Sør-Norge har per i dag fire representantar på Sametinget, men ingen frå Frp.

– Får Framstegspartiet eit relativt greitt valresultat, så blir det ein representant frå Sør-Norge og då blir Ramona 3. vara til Sametinget, legg Djuvik til.

Sju krinsar

Sametingsvalet blir gjennomførd i sju valkrinsar i Norge. Dei seks første i nordre delar av landet, medan den sjuande krinsen er frå Møre og Romsdal og sørover. Det er i denne sjuande valkrinsen Jakobsen stiller til val i.

Sjølv trengde ho ikkje lange tenkjepausen då spørsmålet dukka opp.

– Eg har samisk kultur og har nok ting eg kan meine om det også, seier ho.

Blir engasjert

Opphavleg frå Manndalen i Kåfjord kommune i Troms, flytta Jakobsen sørover for 10–11 år sidan. Sambuar Djuvik møtte ho då dei begge jobba for ein butikk på Stord. Saman har dei i dag tre born.

Også Jakobsen representerer Framstegspartiet, og vedgår at ho kunne tenkt seg å satse på politikken. For med ein fylkesleiar og ambisiøs politikar som sambuar, er det vanskeleg å ikkje la seg engasjere.

– Eg blir jo litt meir engasjert og merkar meg ting eg ser på TV. Det blir litt diskusjonar heime, både om ting vi er samde og usamde i, seier ho.

Vil fjerne Sametinget

Framstegspartiet har eit eige samepolitisk program som på same måte som prinsipprogrammet blir handsama av landsmøtet kvart fjerde år.

Partiet ynskjer mellom anna å leggje ned Sametinget. Noko også Jakobsen støttar opp om.

– Vi er ein nasjon, og skal ha same lovgjevande forsamling, same lovar og reglar for alle. Likevel ynskjer vi eit eige samepolitisk råd som tek i vare og kjem med innspel til Stortinget på det som gjeld samisk kultur og forvaltning, seier han.

Håpar på familien

Sjølv om sjansane ikkje er så store, så kan familien i Florø komme i ein litt spesiell situasjon neste år, med Djuvik på Stortinget og Jakobsen i Sametinget.

– Det må vel kunne gå greitt. Sametinget har berre fire møter i året, så med besteforeldre, onklar og tanter, så skal vi klare å ordne det, smiler Djuvik. Som truleg må håpe på eit utjamningsmandat for å klare sitt mål om ein plass på stortingsbenken frå fylket.

Hektisk år i vente

– Det hadde vore kjempebra. Det er noko han har hatt lyst til lenge. Det er noko vi har hatt lyst til lenge. Han har jobba knallhardt for det. Alle har jobba knallhardt for det, men skulle det ikkje gå, så skal vi støtte han då også, seier Jakobsen og legg ekstra trykk på «vi» og «alle».

For medan ho sjølv er budd på å ikkje gjennomføre store valkampen, innser både ho og han at Djuvik går nokre hektiske månader i møte til veljarane går til valurnene 9. september. Aktiv på fleire frontar legg Djuvik også bak seg eit hektisk 2012.

– Det har vore mykje møte siste halvdel av november og byrjinga av desember, så no ser eg enden og får dei siste fridagane i romjula før valet neste år, seier Djuvik.