Hopp til innhold

Mann i 20-åra omkom i dykkarulukke

Ein mann i midten 20-åra er stadfesta omkomen etter ei dykkarulukke ved Tjørnes i Hyllestad.

Oppdrettsnlegget til Marine Harvest i Bøfjorden

OMKOM: Dødsulukka skjedde ved Marine Harvest sitt oppdrettsanlegg i Bøfjorden i Hyllestad. (Arkivfoto)

Foto: Ottar Starheim / NRK

Politiet opplyser at ulukka skjedde klokka 15.27 under eit arbeidsdykk på ei merd ved Marine Harvest sitt anlegg i Bøfjorden.

Det vart først opplyst at ulukka skjedde ved Tveit, men politiet opplyser i onsdag kveld at den skjedde ved Tjørnes.

– Mannen og ein annan dykkar bytta på å dykke, og det var ein hjelpar på land. Dei var til ei kvar tid to på land, seier operasjonsleiar Wenke Hope ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Prøvde gjenoppliving

Etter det NRK kjenner til arbeidde dykkaren for ein underleverandør av eit selskap som Marine Harvest kjøper dykkartenester frå.

Den omkomne er ifølgje politiet frå Litauen.

– Mannen dreiv på med eit dykk då dei på land oppdaga at noko var gale. Dei varsla om hendinga og helsepersonell vart sendt til staden. Det vart prøvd gjenoppliving, utan at det lukkast, seier Hope.

Uviss årsak

Operasjonsleiaren har ikkje detaljar om kva som gjekk gale. Ulukkesårsaka er førebels ukjend.

Det er førebels ikkje kjend kor lenge dykkaren var i sjøen før han vart henta opp.

– Men det håpar vi etterforskinga vil belyse. Politi og Arbeidstilsynet er på staden og føretek åstandsundersøking og avhøyr av dei som var saman med den avlidne, seier Hope.

Vil avvente

Kommunikasjonssjef Anne Øen i Marine Harvest stadfestar at dei har hatt ei dykkarulukke ved anlegget i Hyllestad, men ynskjer ikkje å kommentere saka.

– Dette er ei politisak, og vi vil no avvente deira undersøkingar, seier ho.

Saka vert vidare etterforska av Høyanger lensmannskontor.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.