Hopp til innhold

Sat livredd i kjellaren medan «Dagmar» raserte heimen hennar

For eitt år sidan gøymde Berit Myren (67) seg livredd i kjellaren medan «Dagmar» fillerista huset hennar så både vegger og tak forsvann i nattemørket. Den traumatiske hendinga har sett spor.

Eit utdrag frå Folk-dokumentaren "Etter Dagmar". Vi treffe Berit Myren som har mista huset sitt til orkanen Dagmar. Heile dokumentaren kan sjåast på NRK1 den 27.desember 2012 klokka 19:45.

Orkanen «Dagmar» har sett spor. (Foto/redigering: Ole André Rekkedal)

– Dette er noko eg aldri vert kvitt. Den kvelden har brent seg fast i minnet mitt, seier Berit.

No er det eitt år sidan romjulsdagen ho aldri gløymer då orkanen «Dagmar» kvesta alt ho eigde på garden Helset i Lodalen i Stryn kommune.

Berit er på plass i sin nye heim, ei omsorgsleilegheit i Olden. Men heilt jul har det ikkje vorte i nyestova. Ho veit ikkje heilt om det blir det heller. 25. desember var det eitt år sidan det som vart eit vendepunkt i livet hennar.

– Eg har ikkje den heilt store julestemninga, for å seie det slik, seier ho stilt.

Normalt med reaksjon på årsdagen

Psykologspesialist ved Senter for krisepsykologi, Atle Dyregrov, påpeikar at det er heilt naturleg å kjenne at det er tungt rundt ein årsdag for ei traumatisk hending.

– Det er svært vanleg at ein kan få ein reaksjon når årsdagen nærmar seg, og mange kjenner kjensla bli tyngre og tyngre dess nærare dagen ein kjem, seier Dyregrov.

Atle Dyregrov

LIKE NORMALT: Psykologspesialist Atle Dyregrov seier det er heilt normalt å kjenne både frykt og uro når det nærmar seg årsdagen for noko traumatisk du har opplevd.

Foto: NRK

Psykologen som i ei årrekkje har jobba med menneske, og spesielt born, som har opplevd tap og traume, påpeikar at det er svært forskjellig korleis menneske taklar krisesituasjonar som naturkatastrofar.

– Nokon er svært motstandsdyktige og ristar det av seg, medan andre slit med det i etterkant. Alt er like normalt, seier Dyregrov.

«Dagmar» herja Nord-Vestlandet

Ein kan mest ikkje fatte kor dramatisk det må ha vore for Berit Myren då orkanen «Dagmar» vitja Lodalen jula 2011.

Den vakre staden med utsyn til Lodalsvatnet som Berit kallar ei perle på jord, staden der ho og mannen etter 14 års ekteskap bygde hus og starta heim, fekk utriveleg medfart.

Det fekk også store delar av Nord-Vestlandet. Spesielt i Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Trøndelag vart skadane store, men også i Hordaland og Rogaland merka dei stormen godt.

Berit hadde feira jul med ei av døtrene i nabobygda Olden og kom heim 1. juledag. Då det lei på kveld tok det til å blåse kraftig, så kraftig at ho fann det best å flytte seg til det ho vurderte som tryggaste staden i huset.

(Artikkelen held fram under biletet)

Heile taket er vekk

BORTE VEKK: Dette var synet som møtte folk då dagslyset nådde Lodalen 2. juledag.

Foto: Hans Erik Myren / Privat

Rømde i kjellaren for å søkje ly

Berit tok på seg hovudlykt, nappa med seg ein bunke med ulesne vekeblad og kom seg ned i kjellaren for å søkje ly. Så kom «Dagmar». Berit høyrde det single i glas – vinden hadde fått tak i eitt av dei tre store stoveglasa og rive det brutalt ut.

– Det var heilt forferdeleg. Eg forstod at eg ikkje kunne vere i huset lenger, fortel Berit.

Til alt hell fungerte framleis telefonen, og kvinna fekk alarmert sonen sin i Loen. Han ringde naboen til Berit, Jan Ove Hogrenning, som bur 600 meter unna.

Då var «Dagmar» allereie godt i gang med hærverket, og hadde jamna løa til Berit med jorda.

Jan Ove heiv seg på traktoren og trakka gassen i botn medan bølgjeblekkplater og furutoppar fauk rundt traktorhytta.

– Eg hadde ikkje tid å kaste vekk. Her kunne det stå om minutt eller sekund, seier Jan Ove.

Såg at det meste låg flatt

Traktoren arbeidde seg rundt neset det beste han kunne, medan vindrosene reiv og sleit og ville helst ha han av vegen.

– Då eg kom bort til Berit såg eg at låven var rasert. Det meste låg flatt på garden, og orkanen hadde teke til å herje med bustadhuset, fortel Jan Ove.

Han hadde ikkje tid til å tenkje korkje konsekvensar eller frykt.

– Nei, slikt har ein ikkje tid til. Mi største utfordring var å komme meg ned til husa, for vegen var sperra av ymse som hadde komme flygande. Medan takplatene suste, kom eg meg til slutt ned, fortel Jan Ove.

Berit kom seg ut i garasjen for å vente på naboen fordi ho meinte det var tryggast der. Medan ho stod der i eit hjørne og venta, reiv og sleit vinden i betongveggane så dei knaka.

(Artikkelen held fram under biletet)

Knust over bil

SOM KORTHUS: Både garasje og låve datt i hop då orkanen herja.

Foto: privat
  • Sjå dokumentaren om Berit Myren og to andre familiar som vart råka av «Dagmar» på NRK1 torsdag 27. desember klokka 19.45

Fann toalettmappa fire kilometer unna

– Eg gøymde meg her. Då Jan Ove kom, gjekk eg ut og vifta med lykta så han skulle sjå meg. Så tok han meg i handa og fekk meg inn i traktoren, og vi kom oss derifrå, seier Berit.

Kvinna skjelv i stemma. Det er framleis krevjande å snakke om det som skjedde for eitt år sidan på staden ho tykkjer er den finaste i verda.

Men lite minna om idyll då dagslyset fall på Helset i Lodalen andre juledag. På garden til Berit såg det ut som ei krigssone. Vegger og tak var brutalt rivne av huset hennar.

Eine delen av taket hamna i elva eit par hundre meter frå huset.
Innventar, klede, julepynt, bilete og arvegods var strødde for alle vindar. Eit heilt liv ramponert og spreidd i fillebitar over eit enormt område. Toalettmappa hennar vart attfunnen fire kilometer inne i dalen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Knust låve

KNUST: Den gamle låven fekk hard medfart.

Foto: privat

Tragediar i kø for den vesle bygda

Historia om kvinna som måtte flykte medan «Dagmar» raserte heimen hennar gjekk ikkje berre landet rundt i romjula. Endåtil utanlandske nettaviser fortalde om Berit som heldt hovudet kaldt medan orkanen gjorde ende på både hus og heim.

Det er ikkje fyrste gongen Lodalen har vorte skaka av naturens lumske hand. Tragediane har stått i kø for innbyggjarane i den vesle dalen i Nordfjord.

Rasulykkene i Lodalen i 1905 og 1936 er dei største naturkatastrofane i Norge i nyare tid. Steinmassane som rasa frå Ramnefjellet og dei påfølgjande flodbølgjene drap totalt 135 menneske i dei to ulykkene.

Til alt hell omkom ingen då «Dagmar» rasa i 2011. Men når ein ser kva enorme krefter som var i sving i romjula i fjor, er det berre eit under at det ikkje gjekk verre.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Berit fekk huset totalt rasert av "Dagmar"

Berit fekk huset totalt rasert av 'Dagmar'

Har opplevd tøffe år

Berit kom ifrå det i live, men dei sterke inntrykka har gjort noko med henne.

– Eg unner ingen å oppleve noko slikt. Det å sjå heimen bli rasert og alt du eig spreidd utover, det gjer vondt, seier Berit, og tørkar ei tåre.

Ho har tålt mykje, Berit. I 2008 omkom eitt av barnebarna i ei trafikkulykke. I 2009 døydde mannen hennar. Så kom «Dagmar».

Likevel kjenner ho at livsmotet er på veg tilbake, og at minna frå Helset er mange og gode, sjølv om det er nokre vonde også.

Ho kom til Stryn då ho var 12 år. At ho skulle ende i Lodalen hadde ho ikkje trudd.

– Eg forelska meg både i han og staden han kom frå. Etter 12–14 års ekteskap bygde vi hus her inne og følte at vi endeleg skulle få lage vår eigen heim, og det fekk vi til, fortel Berit.

Krevjande forhold var kvardagen

Sidan vart det fire born og ein haug med barnebarn. Også dei har gode minne frå Lodalen.

– Dei har alltid trivest godt her inne. Også i sommar var vi samla alle mann. Det var kjekt, seier ho.

Krevjande forhold grunna naturen var ein del av kvardagen. Både snø- og steinras var langt frå uvanleg på vegen i Lodalen. Men det som er kvardag, vert fort ein vane.

– Vi var så vane med å høyre ras vinterstid at vi høyrde på lyden kva ras det var. Slik var det når det gjekk steinras også. Vi høyrde på lyden kva skred som gjekk, og dermed visste vi om vi var i faresona eller ikkje, seier Berit.

(Artikkelen held fram under biletet)

Berit Myren

FRAMLEIS FINAST: Berit Myren er klar på at det ikkje finst ein vakrare stad enn Lodalen. Men bu der vil ho ikkje meir.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Vil ikkje at nokon i familien skal bu der

Men «Dagmar» var siste dråpen. Alt dagen etter uvêret var Berit klar på at ho aldri ville flytte tilbake til plassen som har lege hjarta nært sidan ho først kom der.

– Eg bestemte meg for at det var nok. No vil eg bu ein plass der eg kan bu til eg ikkje klarar å vere heime lenger, seier Berit.

Den lovnaden har ho halde, og ho vil heller ikkje at andre i familien skal bli fastbuande på Helset.

Men både ho, dei fire borna samt alle barnebarna er klare på at staden på Helset er ein stad dei trivst på, og som dei gjerne vil vitje.

Låven som forsvann med vinden er no på plass att og skal bli lagerplass. Dei to eldre småhusa klarte seg også gjennom stormen. Men bustadhuset som vart hardast råka av «Dagmar», vert ikkje bygd opp att.

(Artikkelen held fram under faktaboksen)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Framleis finaste staden på jord

– Her er det fred og ro. Det finst ikkje finare stad på ein sommardag. Eg er utruleg stolt av denne staden, og så lenge eg har helsa og får lov, så skal eg opp att her om somrane, seier Berit.

For sjølv om ho no har ny bustadadresse i Olden sentrum, så er kjenslene sterke for Helset. Og kvinna, som har opplevd meir enn dei fleste, veit godt korleis ho vil ha det.

– Etter kvart skal alle husa bli kvite. Det skal ikkje vere ein farge av kvart slag. Det er eg bestemt på, seier ho, og understrekar at det ikkje har noko føre seg å protestere.

– No har eg byrja å få livsmotet tilbake, og då har eg bestemt meg for korleis eg vil ha det, seier Berit.