Hopp til innhold

Desse gåvene kan ta livet av deg

Vasen du kjøpte til svigermor til jul kan bli den siste pakken du nokon sinne kjøpte. Om den ligg laus i bilen og du krasjar, kan den ta livet av deg om du får den i hovudet.

Usikra julegåver i bil

LIVSFARLEG: Usikra gjenstandar, som til dømes julegåver, i bilen kan ta livet av deg om du kolliderer eller må bråbremsa. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Me er inne i dei siste dagane før jul. Mange har allereie handla julegåvene – men det er nok også dei som har ein del att på innkjøpslista.

Men om du sikrar gåvene i bilen på feil måte, kan det bli den siste julehandelen du gjer.

– Liv har gått tapt

– Ved ei ulukke eller bråbrems vil usikra gjenstandar bak eller oppå bilen bli kasta framover og utgjera ei stor fare for deg sjølv, passasjerane og andre trafikantar, seier vegdirektør Terje Gustavsen i pressemelding.

I fjor førte mangelfull eller dårleg sikring av last i bil til at skadeomfanget vart større i om lag 20 dødsulukker dei siste fem åra.

– Usikra last har ført til at liv har gått tapt som elles ville overlevd ein kollisjon, seier Gustavsen.

Store krefter

Lovverket seier at all last skal sikrast forsvarleg før ein legg ut på køyreturen.

Ein handlepose i baksetet får ei kraft på 200 kilo om du krasjar i 50 kilometer i timen. Den same posen får ei kraft på 350 kilo om du aukar farten til 90 kilometer.

Ein koffert som veg 20 kilo får ei kraft på eitt tonn ved ein bråstopp i 90 kilometer i timen.

Sjølv eit lite fotokamera kan få ei kraft tilsvarande 40 kilo i ein kollisjon.