Hopp til innhold

Byter om skreddarsydde båtar

– Det er på grensa av ein skandale, seier Terje Svardahl i styringsgruppa for Prosjekt Øyane om bytet av båtar som no er i ferd med å skje mellom Sognefjorden og Florabassenget.

"Sylvarnes" i Måren

SKREDDARSYDD FOR SOGNEFJORDEN: 'Sylvarnes ' på veg til kai i Måren.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

I ruta på øyane i Flora og Florø-Smørhamn-Måløy går i dag «Tansøy», ein båt som øyfolket er nøgde med og som er godt tilpassa behovet der. I ruta på Sognefjorden mellom Nordeide, Høyanger sørside og Vik går i dag «Sylvarnes». Brukarane av denne ruta har ikkje noko ynskje om å byte den ut.

Terje Svardahl

- LOV Å BRUKE HOVUDET: Terje Svardahl.

Foto: privat

– Lov å bruke hovudet

Likevel blir desse to båtane no bytte om. Terje Svardahl slit med å fortstå at noko slikt kan skje.

– Det er lov å innrømme feil, det må vere lov å bruke hovudet og gå tilbake på dette. Ingen av brukargruppene korkje i Flora eller i Sogn ynskjer dette. Slik det fungerer i dag er alle partar nøgde.

– Skreddarsydd for ruta

Roald Øvreås er matros om bord i «Sylvarnes» og han bur på Høyanger sørside. Frå nyttår skal «Tansøy» gå i ruta som «Sylvarnes» har trafikkert i 12 år. Dette er ein båt som tek fleire passasjerar og bilar enn «Sylvarnes». Likevel ser ikkje Øvreås dette som eit framsteg, heller tvert imot.

– Det blir så dyrt at det rett og slett øydelegg ruta. «Tansøy» brukar mykje meir diesel og har ein større mannskapskostnad. «Sylvarnes» er skreddarsydd for ruta, brukarane er nøgde, det er ikkje ein einaste brukar som har forlangt forandring.

Men i ei pressemelding avviser Sogn og Fjordane fylkeskommune at dette er ei problemstilling.

Fjord1 er bunden til prisen dei har levert i anbodet. Det vert difor ikkje dyrare for fylkeskommunen eller kommunane at Fjord1 nyttar Tansøy i rutedrifta.

(Artikkelen held fram under biletet).

Roald Øvreås

REDD FOR RUTA: Roald Øvreås.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Slutt på å gå til Finnabotn

Øvreås trur ruta no blir så dyr at det berre er eit tidsspørsmål før ho blir lagd ned. Særleg på vinteren er det svært lite trafikk, og han meiner det er galskap å sette inn ein så stor båt som «Tansøy».

– Vi får no mange reaksjonar frå passasjerar som no er redde for at dette er byrjinga til slutten på heile ruta.

Mannskapet på »Sylvarnes» tek av og til passasjerane med på ein tur inn i idylliske Finnabotn. Det meiner Øvreås det blir slutt på dersom «Tansøy» tek over, for etter hans opplysningar stikk den for djupt til å passere den grunne fjordterskelen.

Dette avviser fylkeskommunen. I ei prssemelding skriv fylkesdirektør for samferdsel, Velaug Veum, at deira informasjon frå Fjord1 er at «Tansøy» stikk 15 cm mindre ned i sjøen enn «Sylvarnes».

Må byggjast om

Ein annan konsekvens av bytet er at Fjord1 må byggje om «Sylvarnes» for mange millionar kroner for å kunne auke passasjertalet når båten no skal inn i ruta i Florabassenget og Florø-Smørhamn-Måløy.

Roald Øvreås meiner det i så fall går ut over bilkapasiteten.

– Dersom vi stuar godt får vi plass til sju bilar. Utvidar dei passasjersalongen blir det ikkje plass til så mange bilar.

Men kommersiell direktør Hallgeir Kleppe i Fjord1 meiner dei skal greie dette.

– Vi har fått det til med søsterskipet «Fjordglytt», så då skal vi vel greie det med «Sylvarnes» og.

(Artikkelen held fram under biletet).

Måren - MF Sylvarnes legg til kai

MÅ BYGGJAST OM: 'Sylvarnes' skal få større passasjerkapasitet.

Foto: Alf Jørgen Tyssing / NRK

– Ikkje gjennomtenkt

Men Terje Svardahl i Prosjekt Øyane er langt frå nøgd med å få ein mindre båt i ruta ut til øyane i Flora.

– Eg synest det er direkte tull heile denne byteordninga, det verkar ikkje som ei gjennomtenkt handling. For oss blir det stor reduksjon i godskapasiteten. «Sylvarnes» kan til dømes ikkje ta dei største smolttransportane på bil.

Svardahl er og redd for at det blir slutt med dyretransport, fordi Nortura har så store bilar at berre «Tansøy» kan frakte dei.

– For godset sin del er det eit stort tap for oss å misse «Tansøy», og bilkapasiteten blir mindre.

(Artikkelen held fram under biletet).

MS Tansøy i Florø

SKREDDARSYDD FOR FLORABASSENGET: 'Tansøy'.

– To separate kontraktar

Hallgeir Kleppe i Fjord1 seier dei er bundne av dei kontraktane dei har inngått med fylkeskommunen. Fjord1 prøvde i vår å få fylkeskommunen til å sjå dei to kontraktane i samanheng, slik at dei kunne disponere båtmateriellet slik det passa best, men det vart avvist av fylkeskommunen.

– Vi har to separate kontraktar å forhalde oss til, vi må møte krava i desse kontraktane, vi har ikkje høve til å sjå desse to kontraktane under eitt.

Men Kleppe forsikrar brukarane i Sogn om at dei ikkje treng vere redde for ei nedlegging av ruta.

– Vi har ein kontrakt med fylkeskommunen der vi har ei plikt til å levere det som står i kontrakten. Om det er «Tansøy» eller «Sylvarnes» som går i ruta så har ikkje det noko å seie for det som skalk skje i framtida.

– Så når «Tansøy» er dyrare i drift så er ikkje det eit problem for brukarane,, men for Fjord1?

– Du kan seie det slik. Vi har plikt til å levere dei tenestene som er avtalt, det er rett oppfatta at det er Fjord1 si utfordring.

(Artikkelen held fram under biletet).

Hallgeir Kleppe

-TRENG IKKJE VERE REDDE: Kommersiell direktør Hallgeir Kleppe i Fjord1.

Foto: Ingrid Færøyvik / Fjord1

Men kva er så grunnen til at dei har enda opp med kontraktar som fører til eit byte av båtar som for brukarane synest heilt ulogisk? Dette spørsmålet sender Hallgeir Kleppe vidare til fylkeskommunen.

Ein av grunnane er at det i anbodet på Sogn vart spesifisert at båten som skal gå i ruta ikkje må vere eldre enn frå 2004. Eit slikt krav er det ikkje i kontrakten på ruta i Florabassenget.

«Sylvarnes» er bygd i 2000 og «Tansøy» i 2006. Dermed blir konsekvensen at Fjord1 må byte om på dei båtane, sjølv om dei då blir flytta frå ruter dei er skreddarsydde for.

Rådgjevar Øystein Hunvik i fylkeskommunen seier at i dei første anbodsinnbydingane som vart sende ut var det krav om at båten i alle rutene skulle vere frå 2004 eller nyare.

– Men for Flora-bassenget vart det ein ny anbodsrunde, og då gjekk vi vekk frå kravet til alder.

– Ikkje grunn til misnøye

I ei pressemelding skriv fylkeskommunen at Fjord1 i etterkant har spurt om dei kunne bruke «Sylvarnes» på Nordeide-Ortnevik-Vik. Men etter å ha rådført seg med eksterne juristar har fylkeskommunen kome til at dei ikkje kan tillate det fordi det er i strid med reglane for offentlege innkjøp.

Men Øystein Hunvik meiner folk på Høyanger sørside ikkje har grunn til å vere misnøgd med bytet.

– Tilbodet på Høyanger sørside blir minst like godt som i dag. Den einaste skilnaden er at dei får ein nyare og større båt.