Hopp til innhold

Ole Jacob måtte 400 000 over takst for å få hus i Dale sentrum

Ole Jacob Bye fekk hus i Dale etter ein lang og intens bodrunde. Det var veldig mange som var på både visning og bodrunde, ein etter kvart vanleg situasjon i bygda. Næringslivet i bygda og kommunen veks – då blir det press på bustadmarknaden.

Ole Jacob Bye og sonen Jonas

PAPPAPERM OG FLYTTING: Ole Jacob Bye og familien på tre, her med sonen Jonas (7mnd), skal flytta til Dale i mars. Ole Jacob har pappaperm fram til det. – Det blir nok nokre trilleturar, men det må nok gjerast litt på det nye huset også.

Foto: Sondre Dalaker (MMS-foto) / NRK

– Me hadde bestemt oss for å få huset når me var på visninga. Etter ein bodrunde på tre og ein halv time, so fekk me huset. Då var me veldig letta når me kom i mål.

Ole Jacob Bye og familien på tre bur i Førde, men har nettopp kjøpt seg hus i Dale. Huset gjekk for 2,6 millionar kroner, 400 000 over takst. Ein pris dei eigentleg var godt nøgde med.

– Det er berre 2–3 minutt å gå til sentrum og ei stor tomt, seier han, og gler seg til å flytta i mars.

Men dei var langt ifrå åleine om å ville ha huset. Berre frå Enoro (tidlegare Elis), der Bye jobbar, var det tre som var interesserte i huset.

– Det var ein veldig interesse og ein intens bodrunde, so eg er veldig glad for at me sikra oss huset.

Næringslivet veks

Og at det var fleire frå same bedrift på jakt etter det same huset, er ikkje so rart. Enoro veks i jamt tempo, Hauglandssenteret går godt og Brødrene Dahl har nyleg etablert seg i Dale.

I tillegg til det, har arbeidarane som jobbar på Dalsfjordsambandet gjort sitt til at folk treng plassar å bu i kommunesenteret i Fjaler.

Eit næringsliv i vekst betyr fleire folk – og då treng dei ein stad å bu.

– Press i marknaden

Pål Anders Kårstad

– DET ER PRESS: Pål Anders Kårstad i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane, seier dei opplever press i marknaden i Dale.

Foto: Sondre Dalaker (MMS-foto) / NRK

– Generelt sett so vil eg seia det er press i bustadmarknaden i Dale, seier Pål Anders Kårstad, dagleg leiar i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane.

Han styrer eigedomsmeklarane som sel dei fleste bustadene i området.

– Det har skjedd – og skjer – mykje i den regionen, det legg me som sel bustader merke til. Når næringslivet og optimismen stig i området, so stig også bustadprisane. OM ein ser til andre stader i fylket der framtidsutsiktene er meir usikre, til dømes Årdal, er det ein heilt annan psykologi i marknaden, seier Kårstad

– Må ha næringsliv som veks ut av kommunen

– Fjaler er i ein veldig heldig situasjon no. Det er mange bedrifter som veks i området, seier Johnny Haugsbakk i Enoro.

Enoro (tidlegare Elis) har i dag rundt 75 tilsette i Dale. I lag med Hauglandssenteret og Brødrene Dahl er dei ein del av eit næringsliv som har skote fart.

Haugsbakk trur at ein må tenkja større ein heilt lokalt for at nettopp lokalsamfunnet skal gå betre.

– Det er klart at om ein skal ha vekst, so må ein ha eit næringsliv som kanskje lever ut av kommunen og ut av fylket. Då bidreg den til fleire tilsette og meir aktivitet, folk flyttar tilbake og det blir fleire ungar. Då treng ein skuleplass og barnehageplass. Alt skapar ein aktivitet og ein vekst, og då skapar det positive ringverknader innanfor det meste, Johnny Haugsbakk.

– Betyr at det er attraktivt å by her

Arve Helle

KAN SMILE: Arve Helle (Ap), ordførar i Fjaler.

Foto: Rune Fossum / NRK

Ein som kan smila om dagen, er ordførar Arve Helle (Ap). At husa går over takst, uroar han ikkje.

– Det er kanskje litt kynisk å tenkja slik, men når prisane er høge, so betyr det at det er attraktivt å bu her.

– Slik det er no so er det eit luksusproblem, det hadde vore mykje verre om det var omvendt. Dette fortel at det er optimisme og at det går godt i kommunen, seier han.

Sjølv om næringslivet veks, er det mange av dei tilsette som bur i kommunane rundt. Men Helle er glad for at det har skjedd ei utvikling i kor folk pendlar.

– På slutten av nittitalet, då eg sjølv pendla frå Dale til Førde, møtte eg kanskje to eller tre bilar på morgonen som skulle den andre vegen. Ein visste kven dei var og omtrent kor ein møtte dei på vegen. No er det veldig mange som pendlar frå Førde til Dale, og ikkje berre til regionsenteret, og det er positivt.

Fjaler kommune kan aldri bli nokon stor aktør på bustadmarknaden, seier han, men må jobba for å leggja til rette for dei som vil byggja og bu i kommunen.

– Me må syta for at det er tomter til dei som vil byggja, seier Helle.