Hopp til innhold

Endeleg tilbake i verdscupsirkuset

Over nyttår vil både Tarjei Bø og Ann Kristin Aafedt Flatland stille på startstreken att i verdscupen.

Ann Kristin Flatland

REDEBUT: Både Ann Kristin Aafedt Flatland (biletet) og Tarjei Bø er tilbake i verdscupen over nyttår.

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

For Tarjei Bø sin del skjer det i Oberhof, etter kring seks månader med sjukdom og opptrening.

Ann Kristin Aafedt Flatland er attende blant dei beste i Rupholding og Anterselva.

– Det blir veldig kjekt å møte gjengen og konkurrere med dei beste att, seier vikja til Sogn Avis.

Hardøkter i vente

Det har gått åtte månader sidan 30-åringen med ein verdscupsiger til namnet, vart mor for første gong. Aafedt Flatland varsla tidleg at prioriterte opptrening framfor redebut blant dei beste skiskyttarane i verda.

Etter to sigrar på Beitostølen og siger i Norgescupen, ser vikja fram til nye verdscuprenna 8.–13 og 16.–20. januar.

– Eg tykkjer eg blir betre og betre for kvar treningsøkt. Når det gjeld styrken så nærmar eg meg. No blir det nokre hardøkter framover for å vere best mogeleg budd til løpa på nyåret, seier ho til Sogn Avis.

– Treninga går bra

For stryningen Tarjei Bø er det snart eitt år sidan sjukdomsmarerittet starta etter juleferie heime i Stryn . 24-åringen vart like før sesongopninga råka av ny sjukdom og måtte følgje rennet i Østersund frå godstolen.

Etter å ha stått over dei tre første verdscuprenna, ser verdscupvinnaren frå 2011 fram til 3. januar.

– Treninga går bra, eg går i Oberhof, skriv Bø i ein SMS til NRK.no.