Hopp til innhold

Ruskøyrande hobbymusikar ba om å få behalde førarkortet

Ein mann frå Sunnfjord ba om å få behalde førarkortet for å kome seg på øving med bandet han spelte i etter at han vart teken for køyring i narkorus.

Fjordane tingrett

INGEN SØT MUSIKK: Hobbymusikar i 30-åra må klare seg utan førarkort etter køyring i narkorus.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Mannen i 30-åra møtte nyleg i Fjordane tingrett tiltalt for å køyrd med narkorus utover Steinavegen i Førde i oktober i år.

Mannen la alle korta på bordet etter ruskøyringa og saka kunne difor takast opp i retten til tilståingsdom.

Valium i blodet

Blodprøvene som vart tekne av mannen etter køyringa synte at han hadde fått i seg nok valium-preparat tilsvarande ei promille på 1,2.

– Ålmenpreventive omsyn tilseier ein streng reaksjon overfor køyring i ruspåverka tilstand som ein vurderer skadepotensialet til handlinga, skriv tingretten i domen.

Må gå på bandøving

Men då mannen ba om å få behalde førarkortet for å kunne halde fram med hobbyen som er musikk og dra på øving med bandet, sa retten blankt nei.

– Sikta har anført at han er avhengig av bil for å kome seg til øving med bandet og å oppretthalde hobbyen sin. Retten kan imidlertid ikkje sjå at det ligg føre særlege grunnar som medfører at retten kan gå under minstetida, skriv Fjordane tingrett.

Dei dømde mannen til 18 dagar i fengsel, ei bot på 11.000 kroner og han må vere utan førarkort i to år framover.