Hopp til innhold

Foreldra krev ny skule vekstkommunen Sogndal

Trudvang skule i Sogndal opna fredag etter restaurering for 5,5 millionar kroner. Kommunen meiner at skulen dermed er rusta for mange år framover, men det meiner foreldra ved skulen at den langt frå er.

FAU-styre Sogndal

KREV NY SKULE: Per Odd Grevsnes, Kristi Møller Bruland og Geir Kåre Resaland står fremst i kampen for nye barneskule i Sogndal.

Foto: Arve Uglum / NRK

– Dette er ikkje nokon skule for framtida. Dersom alle prognosane sler til og folketalsutviklinga i Sogndal er positiv, så vil denne skulen bli for liten på eit tidspunkt, seier avtroppande FAU-leiar, Per Odd Grevsnes.

Han og påtroppande leiar Kristi Møller Bruland har både det nye og det gamle styret med seg på at området i Sogndal sentrum ikkje er ein verande stad for elevane i barneskulen.

Krev flytting

– Det foreldreutvalet her på Trudvang ønskjer er jo å flytte skulen opp til campusområdet på Kvåle, seier Bruland.

– Kva er det som manglar her?

– Det er for lite uteareal og bygningsmassen byrjar å bli gamal, meiner den nye FAU-leiaren ved skulen.

Det pågår heftig byggeaktivetet i områda som soknar til sentrumsskulen slik at elevtalet vil stiga framover. Samtidig skal skuleområdet kapslast inn av eit nytt omsorgssenter som tek friområdet bak skulen.

– Mange år framover

Ordførar i Sogndal, Jarle Aarvoll, har altså mange utgifter å dekka før han tenker på å flytte nokon skule. Ein skule han meiner kan veksa godt der den er.

– Det eg no har fått sjå i den gamle murbygningen og dei endringane eg ser på uteområdet, så meiner eg dette er ein skule for mange, mange år framover til det beste for elevar og lærarar.

Oppussinga av deler av sentrumsskulen i Sogndal inneber mellom anna at ein har fått ordna ventillasjon, skifta ut vindauge, renovert toalett og laga til to nye klasserom.