Hopp til innhold

I kveld ser du han på TV

Fjellområdet mellom Sogn og Hordaland ber namnet sitt med rette; Stølsheimen. Men i dag er det berre nokre få stølar att med full stølsdrift.

Gunnstein Førde

SISTE SOMMAR: NRK følgde Gunnstein Førde og familien hans gjennom den siste sommaren på stølen.

Foto: Steinar Lote / NRK

For Gunnstein Førde frå Bjordal i Sogn og familien hans vart sommaren 2012 den siste med full stølsdrift.

Etter å ha vore på stølen kvar sommar i 57 år pakka han i haust i hop for siste gong då han henta geitene heim. Det var slutten på ein stølstradisjon og ein arbeidsmåte som slekta har følgt i generasjonar.

Terje Gilleshammer og Steinar Lote følgde Gunnstein og familien gjennom den siste sommaren på stølen: Resultatet er å sjå i Glimt av Norge måndag 17/12 kl 18.25.