Hopp til innhold

Skjebnehelg for volleyball-herrane

Denne helga skal Førde Volleyballklubb ut i to svært viktige kampar i kampen om seriegullet.

Trenar Frank Kalstad og Torgeir Dalen

TOPP MOTIVERTE: Trenar Frank Kalstad og resten av volleyballaget til Førde gler seg til helga.

Foto: Rune Fossum / NRK

Laurdag møter volleyballherrane Randaberg og søndag er det klart for erkerivalen Nyborg i Bergen. Førde-trenar Frank Kalstad seier dette blir ei viktig helg.

– Kjem vi godt frå denne helga, ligg vi godt an i serien. Difor er dette to veldige viktige kampar. Vinn vi begge, blir vi vanskelege å ta igjen, seier Kalstad.

På andreplass

NTNUI Volley leiar tabellen med 19 poeng etter ni kampar. Førde ligg på sølvplassen med 18 poeng på sju kampar. Like bak ligg Nyborg med 17 poeng på sju kampar og Randaberg med 17 poeng på ni kampar.

Førde er allereie klare for cupfinale mot nettopp Nyborg.

Får ein ekstra gnist

Marcin Lubiejwski (t.v.) og Mathias Loftesnes

EKSTRA GNIST: Mathias Loftesnes (tv) seier dei er topp motiverte framfor helgas kampar.

Foto: Rune Fossum / NRK

Spelar Mathias Loftesnes seier dei ikkje førebur seg annleis framfor helgas kampar enn det dei gjer til vanleg.

– Men det blir ekstra gnist i kroppen og vi er kanskje meir motiverte i møte med nettopp desse laga, seier Loftesnes.

Han seier at det har blitt høgare nivå og jamnare kampar dei siste åra, noko som er bra for volleyballen.

– Det er bra med konkurranse, for då har vi noko å strekkje oss etter. Skal vi bli betre, må vi møte motstand.

Poengsankar nummer ein

Ein som kjem til å gi dei solid motstand i helga, er Sigurd van Dijk Festøy på Randaberg. Han er poengsankar nummer ein i eliteserien og har sikra rogalendingane 161 poeng. 137 av desse er i angrep. Han har over 50 poeng meir enn Mathias Loftesnes som er Førde sin største poengsankar.

Kalstad seier dei kan stoppe Festøy ved å gjere det vanskeleg for laget i utgangspunktet.

– Det er viktig å ha godt press og gode og høge blokker. Vi må setje det korrekt i forsvar og det har vi gjort mot han før. Vi kjenner denne spelaren godt og veit kva vi skal gjere, men han er god og vi må gjere det vanskeleg for han.

Gode på bortebane

Trenaren trur ikkje det har noko å bety at dei to viktige kampane går på bortebane.

– Laget vårt presterer vel ganske jamt om det er heime eller borte. Førde har eit unikt publikum og det blir stort trøkk, men sjølve spelet er ofte like bra med bortebane.