Hopp til innhold

Hotell går saman - oppfordrar folk til å gje ei julegåve til Krisesenteret

Comfort Hotel og Quality Hotel i Florø arrangerer i år ein julepakkeaksjon. Gåvene skal gå til barn som feirar jul på Krisesenteret i Florø.

Pakkeaksjon i Florø

GIVARGLEDE: Det er mange som har lagt ei julegåve under juletreet på Quality Hotel i Florø.

Foto: Jonas Alander

– Me skulle velje ein lokal institusjon og då meinte me at Krisesenteret var ein institusjon der behovet var veldig stort, seier dagleg leiar ved Florø Quality Hotel, Jonas Alander.

Hotellkjeda Nordic Choice arrangerer i år ein stor pakkeaksjon der dei oppfordrar folk til å gi ei julegåve til eit godt formål. For kvar pakke donerer kjeda også 10 kroner til UNICEF.

I Florø har dei to hotella Quality Hotel og Comfort Hotel gått saman om kampanjen og bestemt at gåvene skal donerast til Krisesenteret i byen.

Og det er allereie mange som har følgt oppfordringa. Under juletreet i resepsjonen på Quality Hotel er det fullt av pakker.

Både lokale folk, gjester ved hotellet og tilsette har lagt gåver under juletreet, fortel Alander.

Betyr mykje for barna

Pakkeaksjon er meint å vera spesielt retta mot barn og på Krisesenteret i Florø trur dagleg leiar Wenche Hovland at det kjem til å vera mange barn som får glede av pakkane på julaftan.

Dagleg leiar ved Krisesenteret i Sogn og Fjordane Wenche Hovland

TAKKNEMLEG: Dagleg leiar ved Krisesenteret, Wenche Hovland, seier kampanjen betyr mykje.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Me trur det betyr veldig mykje. Me blir sannsynlegvis fullt hus på julaftan. Det er mange barn som skal vera her og det betyr veldig mykje for dei at dei får ei gåve under treet på julaftan, seier Hovland.

Det er i hovudsak kvinner og barn som har opplevd vald i heimen som kjem til Krisesenteret. Pakkeaksjonen betyr meir for Krisesenteret enn sjølve gåva, meiner Hovland.

– Det er viktig at det vert sett fokus på vald i familien og kva konsekvensar det får for barn. Det er eit samfunnsproblem som det er viktig å få merksemd rundt, og ein slik kampanje kan gjera det, seier Hovland.

Me er veldig takknemlege for at hotella har bestemt at pakkane skal gå til Krisesenteret, det er eit veldig godt formål, avsluttar Hovland.

Pakkeaksjonen varer fram til 22. desember.