Hopp til innhold

Moods of Norway lanserer briller

Moods of Norway skal 26. oktober lansere 13 par briller, for både kvinner og menn.

Simen Staalnacke (t.h.) og Peder Børresen i Moods of Norway
Foto: Rolf Jarle Ødegaard, VG / Scanpix

Dagleg leiar og designer Simen Staalnacke gler seg stort til å få brillene ut på marknaden.

- Gler oss veldig

- Det blir veldig spennande. No har vi reist og besøkt fabrikkar. Vi gler oss veldig, det er godt å utvide med ein ny produktkategori. Briller har vi aldri teikna og leika oss med, så det blir veldig moro. 

Ekte Moods of Norway-stil

Og Staalnacke forsikrar at brillene er i ekte Moods of Norway-stil.

- Vi er veldig glade i fargar og mønster. Slik som kleda våre er brillene inndelte i tre kategoriar, street, casual og cocktail. Vi brukar litt av dei same elementa som i kleskolleksjonane våre, slik som traktorar og rosemåling og sterke fargar.

Vaffeloppskrift på  pusseskinn

I tillegg til sterke fargar har designerduoen òg fått med den kjende vaffeloppskrifta frå Stryn. Den er trykt inn i pusseskinnet til brillene. Modellane som skal fronte kampanjen er for det meste lokale. Òg fremst på plakatane står mormora til Simen Staalnacke.

Mormor er modell

- Det er litt moro at vi har med mormor og Aslak Rune og andre folk frå Stryn. Det er litt annleis, i staden for å bruke superstrigla italienske modellar slik alle brukar, synest vi det er moro å bruke noko ekte og som er frå bygde-Noreg.

- Leikar butikk

Etter månader på reise er no designerduoen tilbake i Noreg, og klare for lansering. Designerkleda frå Stryn har gjort suksess. No håpar Staalnacke at brillene fell i smak hjå kundane.

- Vi gjer det fordi det er moro å utvide med nye produkt. Pengane er ikkje så interessant, vi berre leikar butikk, seier Simen Staalnacke, som lovar at brillene ikkje blir det siste påfunnet frå Moods of Norway.