11.02.2012

Sogndal 2 vann målrikt lokalderby

Det vart målrikt då Fjøra og Sogndal 2 avslutta den 20. serierunden i 3. divisjon fotball i går kveld. Sogndal vann til slutt 5-4 etter at Mats Solheim og Lennox Kanu nok ein gong skåra to mål kvar.

I tillegg sette Barry Kader inn eitt mål for Sogndal 2, som på det meste var oppe i ei 4-1-leiing i lokaloppgjeret på Sogndal stadion.

Men det var Fjøra som starta målorgien i lokalderbyet, då Ole Petter Hatlevoll sette inn sitt første av to mål etter 19 minutt. Vegard Ruud og Frode Kvåle skåra dei to siste måla for Fjøra.