Ein 30 år gamal vogntogførar ligg kritisk skadd på Haukeland universitetssjukehus i Bergen.
Tunnelen er inntil vidare stengd etter ulukka som skjedde i 23-tida. Kvinna sat fastklemd og måtte skjærast laus frå vraket. Klokka 23.45 vart ho stadfesta omkomen.
– Ei kvinne i 20-åra døydde på staden, og føraren av traileren vart sitjande fastklemd ei tid før han vart frigjort. Han vart sendt til Haukeland med luftambulanse, opplyser operasjonsleiar Wenke Hope hos Sogn og Fjordane politidistrikt til NRK.no.
Andre dødsulukka
Dette er den andre dødsulukka i Lærdalstunnelen sidan tunnelen vart opna for trafikk i november 2000. I juni 2004 omkom ein
då han kolliderte med ein personbil.I tillegg har det vore fem ulukker med personskade, i desse vart to personar hardt skadde og fem lettare skadde, opplyser Hans Olav Hellesøe i Trafikksikringsseksjonen i Statens vegvesen. I alt har ti personar mist livet i trafikkulukker på E16 i Sogn og Fjordane frå 2000 til i dag.
Tunnelen stengd
Politiet kan førebels ikkje seie noko om årsaka til ulukka, men personbilen køyrde i retning Lærdal. Traileren kom i retning Aurland då dei to bilane støytte saman kring ti kilometer inne i tunnelen frå Aurlandssida.
Den over 24 kilometer lange Lærdalstunnelen vil vere stengd til politi og Statens vegvesen er ferdige med åstadsarbeidet.
– Politi og ulukkesgruppa til Statens vegvesen er framleis på staden. Det vi veit er at dei to køyretya har kollidert og at traileren deretter køyrde inn i fjellveggen, seier Hope.
Stengt i fleire timar
Vegmeldingssentralen i Lærdal opplyser at tunnelen truleg vil opne tidlegast klokka 12. Statens vegvesen er i full gang med å skilte omkøyringsmogelegheiter.
Fylkesveg 243 over Aurlandsfjellet er vinterstengt. Det betyr at dei som kjem frå Bergen og Voss bør køyre Aurland – Hol, eller eventuelt Hardangervidda.
Vidare anbefaler vegvesenet dei som kjem frå Sogn og Fjordane og skal i retning Voss/Bergen om å køyre E39 eller riksveg 13 Vikafjellet.
Dei som skal til Bergen frå Austlandet bør køyre Hallingdal og Aurland/Hol eller Hardangervidda.
– Vi har sett i verk forsterka vintervedlikehald for fleire av fjellovergangane for å lette framgongen, spesielt for tunge køyrety. Dette gjeld Aurland – Hol, Hardangervidda og Vikafjellet, seier seksjonsleiar Eivind Yttri hos Statens vegvesen.
Skader på tunnel
Ulukkesgruppa kom til Lærdalstunnelen i morgontimane måndag. I tillegg er det blitt ein del skadar i tunnelen som må kontrollerast, samt at traileren må tømmast for varer.
Geolog er venta å komme frå Bergen til tunnelen kring klokka 10. Det er førebels uvisst kor lenge tunnelen blir stengd.
– Vogntoget har rive opp ein del av betongkvelvet, slik at vi må sikre sjølve betongen og få geologen til å sjå om det er skade bak som vi må sikre. Blir tunnelen frigjort fort, så er det snakk om nokre timar. Må vi til med tyngre tiltak, så kan det fort ta ein god del timar, seier Yttri.