Russarane trekkjer importforbodet

Russland har trekt trugsmålet om å stanse importen av frosen norsk fisk frå 1. oktober. Det stadfestar fiskeriminster Helga Pedersen.
Publisert 22.09.2006 10:32.
- Skriv ut
- Eg er kjempeglad, for eit generelt importforbod ville ha råka norsk fiskerinæring i dramatisk grad, men det ville og ha råka samhandelen mellom Noreg og Russland svært hardt, i og med at handel med fisk utgjer ein veldig stor andel av den norsk-russikse handelen.
Administrerande direktør Sverre Søraa hos fiskeeksportøren Coast Seafood seier dette er svært gledeleg.
- Dette er fantastisk gode nyheiter for oss. Det betyr at vi kan halde fram med å selje frosen fisk til Russland, og vi kan normalisere handelen med Russland igjen.
Møte i Moskva
I går var det norske Mattilsynet i møte med dei russiske veterinærstyresmaktene i Moskva, og Mattilsynet skriv på sine nettsider at det går mot at importforbodet ikkje blir sett i verk. No stadfestar Fiskeridepartementet at det ikkje blir russiske tiltak mot norsk frosen fisk inntil vidare.
- Eg er tilfreds med at det er funne løysingar som sikrar at samhandelen mellom Noreg og Russland i all hovudsak vil kunne føregå som før også etter 1. oktober. Møtet mellom Mattilsynet og russiske veterinærmyndigheter har brakt arbeidet med å løyse problemstillinga knytt til dei russiske krava til norsk sjømateksport eit viktig steg vidare, seier fiskeri- og kystminister Helga Pedersen.
Falske veterinærsertifikat
For nokre veker sidan varsla Russland at all frosen norsk fisk ville bli stengd ute frå den svært viktige russiske marknaden frå fyrste oktober. Årsaka er at dei meiner dei har funne 75 falske veterinærsertifikat på norsk fisk. Russiske styresmakter kravde at alle norske anlegg skulle inspiserast og godkjennast av russiske inspektørar før dei ville få selje fisken sin til Russland.
Store konsekvensar
Ein så omfattande inspeksjonsrunde ville ikkje vere mogeleg innan fristen, og konsekvensen særleg for sild og makrell industrien ville vere store sidan sesongen no står for døra.
- Utruleg viktig
- Eg vil seie at det er utruleg viktig, seier direktør Sverre Søraa.
Makrellfisket tek til om få dagar og sildefisket om ei veke.
- Det vil vere med på å stabilisere situasjonen, anlegga langs kysten vil kome i gang med produksjonen, og igjen vil sesongen fortone seg som normalt, seier Sverre Søraa.
Men for at eksporten skal gå som normalt er det ei rekkje brikkar som skal på plass. Mellom anna skal det innan 15. oktober lagast nye eksportsertifikat som skal vere betre sikra mot forfalsking.
Eksporten av fersk laks til Russland kan framleis berre føregå frå godkjende anlegg.
Siste: Sogn og Fjordane
- 3. plass til Haugsbø i ski-maraton
- Gjermundstad går til Hønefoss
- VC-siger til Fannemel i laghopp
- Flo rosar Mane for pasningsspel
- Venstre vil ta kvardagen tilbake
- Sogndal vann 4-1
- Dramatisk brann ved tunnel
- Ikkje øknonomisk vinst etter MGP
- Burde ha varsla betre om 'Dagmar'
- Bø håplaust langt bak på sprinten
| Skisenter | Ver | Siste snøfall |
|---|---|---|
| Levert av Skiinfo.no | ||
| Breimsbygda |
|
06/02 (20 cm) |
| Sogndal - Hodlekve |
|
06/02 (47 cm) |
| Jølster |
|
11/02 (5 cm) |
| Harpefossen |
|
06/02 (5 cm) |
| Sogn Skisenter |
|
06/02 (25 cm) |
| Stryn |
|
02/02 (20 cm) |
| Sunnfjord |
|
09/02 (10 cm) |
Siste: Sogn og Fjordane
3. plass til Haugsbø i ski-maraton - Gjermundstad går til Hønefoss
- VC-siger til Fannemel i laghopp
- Flo rosar Mane for pasningsspel
- Venstre vil ta kvardagen tilbake
- Sogndal vann 4-1
- Dramatisk brann ved tunnel
- Ikkje øknonomisk vinst etter MGP
- Burde ha varsla betre om 'Dagmar'
- Bø håplaust langt bak på sprinten


















Brann i Vassbygdtunnelen