Nye aktivitetar i Briksdalen

Selskapa Briksdalsbre Fjellstove og Briksdal Breføring ønskjer å legge til rette for naturbaserte aktivitetar når det blir slutt på breføringa på Briksdalsbreen.
Publisert 22.09.2006 07:23.
- Skriv ut
Breen trekkjer seg så mykje tilbake at breførar Frode Briksdal har tenkt nytt like nedom breen.
Snart for bratt for breføring
Aktivitetsparken som dei alt er godt i gang med i Briksdalen vil bli rundt 17 dekar stor, har til no kosta rundt 400.000 kroner og skal i første omgang vere eit supplement til klatringa på breen. For Briksdalsbreen, eitt av dei mest besøkte turistmåla i landet, trekkjer seg tilbake. Berre i 2005 gjekk breen tilbake med 130 meter. Og smeltinga av bretunga har halde fram i år. Dermed kan det fort bli for bratt for breføring.
- Vil tilby spennande aktivitetar
- Hovudtanken bak prosjektet vi held på å byggje opp i Briksdalen og rundt Briksdalsbre Fjellstove er at no når breen har gått så mykje tilbake at det vil ikkje verte råd å drive breføring der i framtida, så skal vi likevel kunne tilby spennande aktivitetar som folk kan vere med og delta i.
Klatretårn og løypestreng
Aktivitetar som stabling av kassar i høgda hengande i klatretau, edderkoppnett, klatretårn og løypestreng over dalen, kjem ikkje i konflikt med den spektakulære naturen i området, seier Frode Briksdal. Men aktivitet på berr bakke er ikkje god nok erstatning for alle.
- Men det er eit godt alternativ for bedrifter og skuleklassar som har lyst på spennande utfordringar når dei kjem til Briksdalen, seier Frode Briksdal..
Turisme og reiseliv i Sogn og Fjordane
Siste: Sogn og Fjordane
- 3. plass til Haugsbø i ski-maraton
- Gjermundstad går til Hønefoss
- VC-siger til Fannemel i laghopp
- Flo rosar Mane for pasningsspel
- Venstre vil ta kvardagen tilbake
- Sogndal vann 4-1
- Dramatisk brann ved tunnel
- Ikkje øknonomisk vinst etter MGP
- Burde ha varsla betre om 'Dagmar'
- Bø håplaust langt bak på sprinten
| Skisenter | Ver | Siste snøfall |
|---|---|---|
| Levert av Skiinfo.no | ||
| Breimsbygda |
|
06/02 (20 cm) |
| Sogndal - Hodlekve |
|
06/02 (47 cm) |
| Jølster |
|
11/02 (5 cm) |
| Harpefossen |
|
06/02 (5 cm) |
| Sogn Skisenter |
|
06/02 (25 cm) |
| Stryn |
|
02/02 (20 cm) |
| Sunnfjord |
|
09/02 (10 cm) |
Siste: Sogn og Fjordane
3. plass til Haugsbø i ski-maraton - Gjermundstad går til Hønefoss
- VC-siger til Fannemel i laghopp
- Flo rosar Mane for pasningsspel
- Venstre vil ta kvardagen tilbake
- Sogndal vann 4-1
- Dramatisk brann ved tunnel
- Ikkje øknonomisk vinst etter MGP
- Burde ha varsla betre om 'Dagmar'
- Bø håplaust langt bak på sprinten


















Brann i Vassbygdtunnelen