Fødeavdelinga julestengd
- Eg forstår ikkje korleis dei kan utsetje oss for noko sånt. Det seier Marita Hovden, som har termin når fødeavdelinga er julestengd.
Publisert 21.09.2006 19:25.
- Skriv ut
Helse Førde har vedteke å julestenge fødeavdelinga på Nordfjord sjukehus frå 22. desember til 2. januar. Fødestova i Lærdal vil òg vere stengt.
Sidan Nordfjord-kommunane sine jordmødre ikkje er på vakt i juleferien, må fødande kvinner reise heilt til Førde for å finne nokon som kan hjelpe dei.
-Skremmande
Marita Hovden er førstegongsfødande og har termin 18. desember. Då må ho reise frå Vågsøy til Førde for å føde.
- Det er litt skremmande, med vinter og dårleg føre.
Fryktar konsekvensane
Kommunejordmor i Selje, Aud Jekteberg Nordpoll, fryktar for dei fødande som må køyre heilt til Førde.
-Det er langt frå Eid til Førde. Vi veit at faren for at fødselen skjer undervegs eller at det oppstår komplikasjonar vert større når det er langt å køyre.
-Økonomien avgjer
Avdelingssjef ved Kvinneklinikken i Helse Førde, Agnete Dissing Settem, forsvarar vedtaket.
-Dei økonomisk rammene er årsaka til avgjerda. Vi har teke ei fagleg vurdering, og meiner dette er ei forsvarleg løysing.
| Skisenter | Ver | Siste snøfall |
|---|---|---|
| Levert av Skiinfo.no | ||
| Breimsbygda |
|
11/02 (15 cm) |
| Sogndal Hodlekve |
|
17/03 (15 cm) |
| Jølster |
|
18/03 (10 cm) |
| Harpefossen |
|
17/03 (15 cm) |
| Sogn Skisenter |
|
16/03 (20 cm) |
| Stryn |
|
17/03 (40 cm) |
| Sunnfjord |
|
16/03 (20 cm) |











Wolff imponerer i senior-EM
Her proppar isen seg