Pengar til Oldedalsvegen

Samferdsleutvalet i fylket vil så snart råd er bruke seks millionar kroner på opprusting av vegen i Oldedalen.
Publisert 21.09.2006 11:06.
- Skriv ut
Fylket får i år 18 millionar kroner meir i inntekter enn rekna med, og det er seks av desse millionane samferdslepolitikarane vil bruke i Oldedalen, seier utvalsleiar Liv Henjum.
- Behovet der er stort, vegen er dårleg, og trafikken er enorm i forhold til vegstandarden. Vi har Oldedalen øvst på marginallista, no er det midlar, og då ynskjer vi å signalisere at vi må få meir pengar slik at vi får samanhengande og fortløpane utbetring av denne vegen.
Kostar langt over 100 mill kr
Marginallista er den lista politikarane set opp over tiltak dei vil ha gjennomført dersom dei får meir pengar enn rekna med. På marginallista for fylkesvegar står altså Oldedalen på topp, men i år greidde dei ikkje å finne meir enn vel ein million, som er ein dråpe i havet på eit anlegg som treng langt over 100 millionar for å få skikkeleg standard. No kan det bli litt utbetring på grunn av den gode skatteinngangen. Desse pengane hadde fylkesrådmannen i utgangspunktet føreslått å bruke til å redusere låneopptak i år, men politikarane vil noko anna.
- Forsømt vedlikehald
- Fylkesrådmannen viser og til kommunalministeren som har sagt at pengane kan brukast til å ta igjen etterslep på vedlikehald. Vegen i Oldedalen er eit utbetringsprosjekt, men det handlar og om forsømt vedlikehald som gjer at vegen er blitt så dårleg, så vi meiner det er i tråd med signala som har kome å bruke pengane slik..
Meir rekkverk
Samferdslepolitikarane vil også bruke ein million av ekstrapengane til meir rekkverk på fylkesvegane i år. Det er til slutt fylkestinget i oktober som avgjer pengebruken.
Vedlikehaldet av vegane i Sogn og Fjordane
- Pengar til Oldedalsvegen
- - Sanselaust gnål om vegstandard
- Skogsholm krev godt vedlikehald av vegane
- Fryktar fleire ulukker på vegane
- - For mykje skog langs vegane
- Kostbar forsømming av vegane
- Tungtransport dobla - mindre vedlikehald
- Dårleg vegvedlikehald trafikkfarleg
- - Tullprat av Skogsholm
- Telefonlinjene gløda
- Vedlikehaldspengar har gått til omorganisering
Siste: Sogn og Fjordane
- 3. plass til Haugsbø i ski-maraton
- Gjermundstad går til Hønefoss
- VC-siger til Fannemel i laghopp
- Flo rosar Mane for pasningsspel
- Venstre vil ta kvardagen tilbake
- Sogndal vann 4-1
- Dramatisk brann ved tunnel
- Ikkje øknonomisk vinst etter MGP
- Burde ha varsla betre om 'Dagmar'
- Bø håplaust langt bak på sprinten
| Skisenter | Ver | Siste snøfall |
|---|---|---|
| Levert av Skiinfo.no | ||
| Breimsbygda |
|
06/02 (20 cm) |
| Sogndal - Hodlekve |
|
06/02 (47 cm) |
| Jølster |
|
11/02 (5 cm) |
| Harpefossen |
|
06/02 (5 cm) |
| Sogn Skisenter |
|
06/02 (25 cm) |
| Stryn |
|
02/02 (20 cm) |
| Sunnfjord |
|
09/02 (10 cm) |
Siste: Sogn og Fjordane
3. plass til Haugsbø i ski-maraton - Gjermundstad går til Hønefoss
- VC-siger til Fannemel i laghopp
- Flo rosar Mane for pasningsspel
- Venstre vil ta kvardagen tilbake
- Sogndal vann 4-1
- Dramatisk brann ved tunnel
- Ikkje øknonomisk vinst etter MGP
- Burde ha varsla betre om 'Dagmar'
- Bø håplaust langt bak på sprinten


















Brann i Vassbygdtunnelen