Ung Volda-trenar frå Vågsøy
Vågsøyværingen Arild Bakke debuterer i år som fotballtrenar med Volda i 3. divisjon. Fire kampar før slutt er laget fjerdesist på tabellen.
Publisert 21.09.2006 08:58.
- Skriv ut
Likevel er Volda berre fire poeng frå sølvplassen i den rekordjamne serien på Sunnmøre.
- Tok tid å få flyt
- Spelarstallen vart veldig svekka før sesongen tok til , og vi begynte nærast frå scratch med nye, unge talent som måtte formast, så det tok litt tid før vi fann den flyten vi ville ha.
Volda starta sesongen med tre uavgjortkampar. Sidan har laget prestert ujamnt, men har sikra seg 25 poeng. Fire kampar før slutt er laget på niandeplass med fire små poeng opp til tabelltoar Hareid.
- Til sjuande og sist kan vi i teorien hamne på andreplass. Målsettinga før sesongen var å bli blant dei fem beste, og den står vi ved enno. Men alt over femteplass er bonus.
Skade stansa eigen karriere
Arild Bakke har spelt aktiv fotball for Måløy og Tornado/Måløy i 4. divisjon. Men ein stygg skade sette stoppar for den aktive karrieren. Etter å ha involvert seg i aldersfastlagd fotball i Volda fekk studenten frå Vågsøy i vinter tilbod om å trene 3. divisjonslaget i bygda. Det var ei stor utfordring for ein 22 år gamal eks-fotballspelar.
- Det å vere trenar for karar som er mykje eldre enn meg og som eg føler har meir kunnskap enn meg, det har gått veldig bra. Spelargruppa har vore veldig tolmodig og bra.
Treng poeng i innspurten
Debutsesongen er snart over for den ferske trenaren frå Vågsøy, og laget treng poeng for å nå målsetjinga for sesongen. For Arild Bakke handlar det om å få spelarane til å yte maksimalt i serieinnspurten.
- Spelarstallen vår er blitt kraftig forbetra sidan sesongstart, så oppgåva er å prøve å motivere spelarane. Vi har som gulrot at om vi blir blant dei fem beste får vi spele kvalifisering til cupen neste år.
- Ambisjonar som trenar
- Korleis ser du på di eiga framtied som trenar?
- Tilbakemeldingane eg har fått har berre vore positive. Dei held på med å legge tranarkabal for neste år, og eg reknar med å vere med rundt A-laget til Volda neste år og.
- Har du lyst sjølv?
- Ja, eg har veldig lyst. Eg har ambisjonar om må bli ein så god trenar som mogeleg, og all erfareinga eg får med meg no er berre gull.
| Skisenter | Ver | Siste snøfall |
|---|---|---|
| Levert av Skiinfo.no | ||
| Breimsbygda |
|
11/02 (15 cm) |
| Sogndal Hodlekve |
|
17/03 (15 cm) |
| Jølster |
|
18/03 (10 cm) |
| Harpefossen |
|
17/03 (15 cm) |
| Sogn Skisenter |
|
16/03 (20 cm) |
| Stryn |
|
17/03 (40 cm) |
| Sunnfjord |
|
16/03 (20 cm) |











Snøskred stengjer framleis vegar
Her proppar isen seg