Hopp til innhold

Til Oslo for å demonstrere mot EU

Nei til EU i Sogn og Fjordane set søndag opp bussar til Oslo for å demonstrere mot fredsprisutdelinga.

Gresk gjeldskrise - EU-flagg og Aten

FÅR FREDSPRISEN: Måndag kjem EU-toppane til Oslo for å motta årets Nobel Fredspris.

Foto: Petros Giannakouris / Ap

Sindre Humberset

-FEIL: Sindre Humberset i Sogn og Fjordane Nei til EU bussar fredsprismotstandarar til Oslo.

Foto: Nei til EU

– Vi skal delta i fakkeltog for å markere at vi ikkje opplever EU som ein verdig mottakar av Fredsprisen, seier fylkessekretær Sindre Humberset i Sogn og Fjordane Nei til EU.

Omstridd tildeling

21 stats- og regjeringssjefar er til stades i Oslo Rådhus når Den Europeiske Union (EU) blir tildelt Nobels Fredpris måndag føremiddag. EU får prisen for sin samlande og fredsskapande funksjon i Europa gjennom fleire tiår. Det har ikkje vore krig i landa som til ei kvar tid har vore medlem av unionen.

Men prisen har vekt harme blant svorne EU-motstandarar,og søndag ettermiddag blir det protest-fakkeltog gjennom Oslo sentrum.

EU-motstandarane meiner det snarare er eit spørsmål om ikkje det var freden som hadde skapt EU og ikkje omvent. I morgon samlar mostandarane seg i Oslo for å gå fakkeltog mot prisuteldinga som skjer måndag.

(Artikkelen held fram under biletet)

Grand Hotel

FAKKELTOG: EU-mostandararane skal gå i fakkeltog hit til Grand Hotel, der EU-toppane skal bu i samband med fredsprisutdelinga.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

To bussar

- Vi har sett opp to bussar. Så langt har 20 personar frå fylket meldt seg på, opplyser Humberset.

Han seier dei vel å ha markeringa på søndag for å kunne samle mest mogleg folk frå ulike deler av landet, og viser til at færre ville delteke om dei måtte ta fri på sjølve Nobel-dagen.

I tillegg unngår ein at markeringa druknar i all virraken, meiner fylkessekretæren.

Angela Merkel og François Hollande

KJEM: Tyskland sin kansler, Angela Merkel og Frankrike sin president, Francois Hollande.

Foto: YVES HERMAN / Reuters

– Det er viktig for oss å setje søkelys på alle fredsrøystene - både i den norske rørsla og globalt - som meiner denne tildelinga er feil.

Sp-statsråd prioriterer vegopning

Også Senterpartiet markerer si minsøye mot prisen. Berre ein representant frå partiet er venta å vere til stades i Oslo rådhus. Samferdsleminister Marit Arnstad prioriterer på si side opninga av Noreviktunnelen på E39 i Høyanger måndag.