skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
Toppbanner Møre og Romsdal program 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Program NRK Møre og Romsdal Sist oppdatert 15:47
NRK Møre og Romsdal
6025 ÅLESUND
Tlf 70 11 52 00
Distriktsredaktør:
Vevredaktør:

 

Slik er nyferja Julsund

Automatikk og effektivitet skal kjenneteikne den nye ferja i sambandet Aukra - Hollingsholmen, men kva med MRF-svela?

Av Odd Sørås. Publisert 10.01.2005 15:42.







Automatikk

Dei som reiser med MF Julsund vil få merke ei ferje som er meir automatisert enn det som er vanleg. Rett nok har leverandøren enno ikkje fått sjølvbilletteringssystemet til å verke, så det er utsett på ubestemt tid, men det kjem! Det er også installert trafikklys som skal regulere køyringa om bord og i land. Heller ikkje det er heilt i orden no i starten, men det skal rettast snart, seier marknadssjef Arild Reistadbakk i Fjord 1 MRF. Somme vil kanskje meine det er like gale at automatiseringa har gjort overfarten mellom Aukra og Hollingsholm svelelaus. Serveringsautomatane har ikkje svele på menyen, iallfall ikkje enno, men assisterande direktør Frode Ohr ser ikkje bort ifrå at dette kan endre seg med tida. Elles er det lenge sidan det blei servert svele på ei fast ferje i dette sambandet - om det nokon gong har vore steikt svele der...


Foto: Fjord 1 MRF



Fotgjengarar og bilar kvar for seg

No er det slutt på at fotgjengarar må smyge seg fram mellom bilane. MF Julsund har eigen inngang og utgang for dei som ikkje reiser med bil. Dei som ikkje køyrer bil, treng heller ikkje løyse billett. 197 passasjerar har nyferja plass til, og 85 bilar - eller "nye personbileiningar" som det heiter. Bilane er blitt større med åra, og ferjeselskapa har ei stund operert med nye einingar som tek noko meir plass enn dei gamle. Bildekket er svært godt oppmerkt, og har fri høgde.

Med løyve frå Fjord 1 MRF


Framdrift og manøvrering

MF Julsund har to separate maskinrom. I kvart rom er det to hovudmotorar som kan køyrast kvar for seg eller saman. Det betyr at ferja har to system for framdrift og manøvrering som er uavhengige av kvarandre, noko som betyr mykje for tryggleiken.

Skroget til MF Julsund er bygt ved Aker-verftet i Tulcea i Romania. Ferja er utrusta ved Aker Aukra.

Dei neste nye ferjene i Fjord 1 MRF blir dei 35 bilars tvillingferjene som skal inn i sambandet Brattvåg-Nordøyane frå 1. januar 2006.




Siste saker:
Flere saker: ALT OM FJORD 1 MRF MR

 
10 SISTE NYHEITER FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no