skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
Toppbanner Møre og Romsdal program 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Program NRK Møre og Romsdal Sist oppdatert 15:47
NRK Møre og Romsdal
6025 ÅLESUND
Tlf 70 11 52 00
Distriktsredaktør:
Vevredaktør:

 

Nynorskpraktikant i NRK?

Nynorsk mediesenter tek frå nyttår 2005 inn fem nynorskpraktikantar for opplæring i seks månader.Dei får lære journalistikk for radio, fjernsyn og Internett og nynorsk eterspråk.

Publisert 18.10.2004 17:19. Oppdatert 26.10.2004 17:57.
Opplæringa skjer i hovudsak gjennom praktisk arbeid i redaksjonen til NRK Sogn og Fjordane. Dei to siste månadane skal praktikantane ha praksis i andre redaksjonar, i og utanfor NRK.

Dei som vert tilsette, må ynskje å bli journalistar. Vi leitar fyrst og fremst etter samfunnsengasjert ungdom med ei ”brennande sjel” og ei god røyst. Det krevst gode allmennkunnskapar og godt språk, både skriftleg og munnleg. Interesse for radio– og fjernsynsarbeid må dei ha, og gjerne litt røynsle i journalistikk, men det er ikkje eit krav. Dei må ha fullført vidaregåande skule for å vere aktuelle.

Ynskjer du å bli nynorskpraktikant må du sende oss ein skikkeleg søknad med attestar og vitnemål, og vi tilset etter intervju og studiotest. Praktikantane får løn i opplæringstida. Det er inga bindingstid til NRK etterpå, men heller ikkje garanti om arbeid.

Lurer du på noko kan du ringe leiaren:
Magni Øvrebotten på mobiltelefon 970 55 201
Eller kontakte oss på:

Ynskjer du å bli nynorskpraktikant i Nynorsk mediesenter frå 3. januar 2005 må du sende oss ein søknad innan 20. november.

Merk søknaden: ”Nynorsk 02/04”
Send han til:
Nynorsk Mediesenter
Postboks 100
6801 Førde

LENKER

 
10 SISTE NYHEITER FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no