10.02.2012

Oddgeir Bruaset

Oddgeir Bruaset er journalist. Han har jobba i NRK Møre og Romsdal sidan 1971 – dei første åra med radioprogram, sidan 1982 berre med fjernsyn. Før han byrja i kringkastinga arbeidde han som lærar i Volda. Oddgeir Bruaset er utdanna lærar ved Lærarhøgskulen i Volda. Han har studert norsk og historie ved Universitetet i Bergen. Oddgeir Bruaset har laga ei heil rad større tv-produksjonar. Han stod bak det oppsiktsvekkjande dokumentarprogrammet om Rødseth-saka, har dramatisert livet på dei gamle fjord- og fjellgardane, skildra den norske kystkulturen gjennom tidene, levandegjort diktarane Ivar Aasen og Arne Garborg, fortalt historia til julesongane våre – for å nemne noko. Fleire av programma er viste i utlandet og har fått internasjonale utmerkingar. Oddgeir Bruaset, som også er forfattar og har skrive 12 bøker, fekk Sunnmørsprisen i 1991, Kringkastingsprisen i 1994 og Fylkeskulturprisen i Møre og Romsdal i 1999. Oddgeir Bruaset er frå Måndalen i Rauma.

Skriv til Oddgeir Bruaset

Banner valgresultat 2011 468x110

Bildegalleri frå Møre og Romsdal

Bildegalleri frå Møre og Romsdal

Verradar Vestlandet

Radar Vestlandet