skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
Toppbanner Møre og Romsdal program 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Program NRK Møre og Romsdal Sist oppdatert 15:47
NRK Møre og Romsdal
6025 ÅLESUND
Tlf 70 11 52 00
Distriktsredaktør:
Vevredaktør:

 

Verdsstjerne frå Kristiansund gått bort

Dansar og skodespelar Vera Zorina frå Kristiansund døydde onsdag 86 år gammal i heimen sin i Santa Fe. I føremiddag fekk du historia om kvinna som mellom anna miste ei stor hovudrolle til svenske Ingrid Bergman.

Publisert 16.04.2003 12:37.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
Vera Zorina vart fødd i Tyskland som Eva Brigitta Hartwig, men ho voks opp i heimbyen til mora, Kristiansund. Der
Det var som dansar Vera Zorina var mest kjend.
scenedebuterte ho på Festiviteten som ballettdansar. Men den profesjonelle debuten fekk ho i Berlin då ho var 17 år gammal. Ho tok artistnamnet Vera Zorina fordi ho måtte ha eit russisk namn for å kunne stå på scena.

Hollywood

Zorina flytta til USA etter at ein filmdirektør såg ho danse i London. I 1938 debuterte ho på lerretet i filmen "The Goldwyn Follies". Ho har seinare
Frå filmen "The Goodwyn Follies" (1938)
(Foto: United Artists)
mellom anna spela mot skodespelaren og komikaren Bob Hope. Si største hovudrolle skulle ho få mot Gary Cooper i filmatiseringa av Hemmingway sin roman "Klokkene ringer for deg". Men etter eit par veker fekk ho vite at ho hadde blitt erstatta av Ingrid Bergman som nettopp var ferdig med "Casablanca" mot Humphrey Bogart.

NRK-dokumentar

Eva Brigitta Hartwig, eller Brigitta som ho ofte berre vart kalla, var ofte på besøk på Nordmøre. I tillegg arbeidde ho lenge som intruktør, og var også aktuell som operasjef i Oslo. I slutten av mai skal NRK1 sende ein dokumentarserie av Øyvind Asbjørnsen frå Ålesund. Serien handlar om norske kvinner i Hollywood. Ei av dei som vi møter der er Vera Zorina.

Siste saker:
Flere saker: ALT OM ROMSDAL
Siste saker:
Flere saker: ALT OM NORDMØRE

 
10 SISTE NYHEITER FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no