skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
Toppbanner Møre og Romsdal program 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Program NRK Møre og Romsdal Sist oppdatert 15:47
NRK Møre og Romsdal
6025 ÅLESUND
Tlf 70 11 52 00
Distriktsredaktør:
Vevredaktør:

 

Ho Magnill og 'n Lars Linkelifot

Gled dykk, alle som set pris på tradisjonsstoff i bunden form: No kjem boka og CD-en "Enno så segla ho Magnill – viser, rim og regler frå Nordmøre". Dei opnar ei skattkiste som har vore ukjend for mange av oss. Du kan høyre meir om dette i radioen torsdag!

Publisert 14.05.2002 15:25.
Over 60 viser og ei rekkje rim og regler frå alle kantar av Nordmøre viser at tradisjonsstoffet langt frå er utdøydd, og med dette tiltaket har Nordmøre mållag gjort ein innsats for at det skal leve vidare. Tanken har vore å gjere stoffet tilgjengeleg slik at heim, skule og barnehage skal kunne formidle det til borna.

Boka er rikt illustrert, med notar, ordforklaringar og merknader om kjeldene til stoffet. På plata høyrer vi Unni Boksasp og Gro Kjelleberg Solli, begge med eit godt namn i folkemusikkmiljøet, framføre visene slik at ein både trallar med og trampar takten.

NRK Møre og Romsdal presenterer "Enno så segla ho Magnill" i programmet "Imørefallande melodiar" torsdag 16. mai kl. 1633.


 
10 SISTE NYHEITER FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no