26.05.2012
SISTE FRA NRK.NO

Krev at Varg Veum blir i Bergen

Bjørn Willberg Andersen som Varg Veum. (Arkivfoto)Bjørn Willberg Andersen som Varg Veum. (Arkivfoto)

Privatetterforskar Varg Veum blir i Bergen. Filmfondet Fuzz løyvde i går fem millionar kroner til filmprosjektet, og også Bergen kommune og Bergen kino støttar innspelinga.

Filmane vil kosta totalt 84 millionar kroner, og 13 av desse skal koma frå Bergen.

Kontor på Strandkaien

Forfattar Gunnar Staalesen seier at innspelinga av filmane skal skje i Bergen.

- Eg har alltid visst at Varg Veum-filmane kom til å føregå i Bergen. Dersom det ikkje blir i Bergen, blir det ingen stader, fortel Staalesen.

- Så du hadde ikkje funne deg i at han skulle ha gått slengande rundt i Oslo og løyst krimgåter?

- Nei, viss han skal til Oslo må det vera i samband med den forteljinga som føregår i Oslo. Varg Veum har kontor på Strandkaien. Det vil han óg ha i filmane, seier forfattaren.

Forfattar Gunnar Staalesen.Forfattar Gunnar Staalesen.

Skal snakka bergensk

BA skriv i dag at Trond Espen Seim og Mads Ousland er dei heitaste kandidatane til å spela Varg Veum.

- Dette er nytt for meg. Eg har alltid sagt at Veum skal spelast av ein bergensar, så dette er nok berre spekulasjonar, seier Staalesen.

- Kven har du i tankane?

- Det har eg heilt medvite latt vera å svara på, og det gjer eg ikkje no heller, svarer han.

Lyd og video

Se også

Siste: NRK Hordaland