11.02.2012
SISTE FRA NRK.NO

Kyrkja mot reklamegigant

Bjørgvin Bispedømme ber Bergen kommune om ikkje å inngå avtale med Clear Channel om reklamefinansierte busshaldeplassar og offentlege toalett.

Av Leif Rune Løland og Eli Bjelland

Kyrkja meiner både forbrukspresset og menneskesynet til den internasjonale reklamegiganten er etisk kritikkverdig.

Kritisk til auka forbruk

Under ei offentleg høyring igår om avtalen med Clear Channel, var domprost Ørnulf Elseth ein av dei klaraste kritikarane.

- Auka reklame vil føra til auka forbruk, og me må stoppa denne utviklinga. Me må verna om dei offentlege romma, meiner Elseth.

- Spelar på sex

For det andre meiner domprosten at Clear Channel har eit dårleg menneskesyn.

Han har nemleg lese Clear Channel si heimeside i Sverige, der det står at "om vi ser bort fra de etiske betenkelighetene og utnytter folks svakhet, så vil fokus på sex gjøre de mer oppmerksomme."

- Du har her ein stor internasjonal aktør som er svært medviten i marknadsføringa si, og veit kva ein skal spela på. Dei veit til dømes at sex sel stort, seier Elseth.

På vegne av heile bispedømet

Under høyringa i Bergen Rådhus igår uttalte domprost Elseth seg på vegne av heile Bjørgvin Bispedøme.

- Det er nokre heilt klare innvendingar som gjer at me ikkje kan gå inn for ein slik avtale. Eit slikt menneskesyn kan ikkje me støtta, påpeikar han.

Lyd og video

Siste: NRK Hordaland

Verradar Vestlandet

Radar Vestlandet

Nyhetsarkiv Hordaland