23.02.2012

Opnar kraftverk under havoverflata

Morild II

  • Morild II er ein prototype på eit tidevasskraftverk i full skala.
  • Kraftverket i Gimsøystraumen kan levere straum til 250 husstandar.
  • Når anlegget er senka ned i havet, får tidevatnet turbinane til å rotere.
  • Tidevasskraftverket Morild II under slep frå Harstad til Gimsøystraumen.

Verdas største flytande tidevasskraftverk er på plass i Gimsøystraumen utanfor Svolvær i Lofoten.

Morild II

  • Harstad-selskapet Hydra Tidal står bak tidevannskraftverket.
  • Kraftverket er en fullskala prototype, har kostet 80 millioner kroner, og kan produsere fem gigawatt med strøm.
  • Når anlegget er senket i vann, skaper tidevannsstrømmen bevegelse i turbinbladene. Bladene er laget av limtre, og har en diameter på 23 meter.
  • Dersom anlegget blir en suksess er planene å bygge en hel industripark med tidevannskraftverk i Moskenesstraumen. Potensialet tilsvarer tjue altakraftverk i strømmene i Lofoten.

Olje- og energiminister Terje Riis-Johansen har i dag æra av å stå for den offisielle opninga av Hydra Tidal sitt tidevasskraftverk Morild II i Gimsøystraumen. Dette markerar starten på ein prøveperiode på to år med testing av kraftverket og teknologien.

- Vi kjenner ikkje til nokon samanliknbare tidevasskraftverk i verda. Det finns flytande kraftverk som er sett ut tidlegare, men dreiar det seg om mindre skalamodellar, seier administrerande direktør i Hydra Tidal, Eivind Nydal.

Testanlegget har ein turbin på 1,5 MW, og kan produsere rein kraft som tilsvarar forbruket til 250 norske husstandar. Turbinblada i limtre har ein diameter på 23 meter. Dette gjer Morild II til det største flytande tidevasskraftverket i verda, ifølge Nydal.

Stort potensial

Det har tatt vel to år å byggje kraftverket, som blei sjøsett i Harstad i august, og slept til Gimsøystraumen utanfor Svolvær. No er anlegget ankra opp, og kopla til det lokale straumnettet.

Lofotkraft, som er ein av aksjonærane i Hydra Tidal, håpar dei kan vekke internasjonal oppsikt med tidevasskraftverket i Gimsøystraumen. Direktør i Lofotkraft Arnt Winter er i høgspenning.

- Det er veldig spennande, for til no har det meste vært datasimuleringar, eller testar i ein hall på land. No får vi sjå om dette verkar ute i røynda og under ulike forhold.

Kan bli industriområde under vatn

Om prosjektet i Gimsøystraumen blir vellukka, er det aktuelt å byggje fleire liknande kraftverk i Moskenesstraumen. Til saman kan det produsere nok straum til å dekke det årlege forbruket til 50.000 husstandar. Tidevatn er også meir stabilt enn vindkraft, meiner Winter.

- Det er heilt konstant. Du kan vite på minuttet når det stoppar og snur, så det er ein heilt annan tryggleiksfaktor enn til dømes med vind. Du har nokre andre utfordringar med tidevatn, men klarar vi å løyse dei, så har eg stor tru på at tidevatn i verdsmålestokk kan bli ein betydelig energikjelde i tida framover.

Banner valgresultat 2011 468x110

Siste: Nordland

Bildegalleri Nordland

Siste riksnyheter

nrk.no/sport

Siste: Nordland

Banner valgresultat 2011 174x220