Hopp til innhold

Får ikkje vokte Obama

Store delar av politidistrikta i landet må avsjå politifolk når dem amerikanske presidenten kjem på besøk til Oslo denne veka. Men frå Nord-Noreg reiser ingen politifolk.

Politets skarpskyttere på taket av Oslo rådhus i 1999

Skarpskyttarar på taket av Oslo rådhus i 1999, i samband med Midtausten-møtet. No må store politistyrkar samlast i hovudstaden igjen, når Barack Obama skal motta Nobels fredspris. Men ingen politifolk frå Nord-Noreg skal hjelpe til.

Foto: Per Løchen / Scanpix

Heile 2500 politifolk frå store delar av landet skal jobbe med å halde Oslo trygg, når USA sin president Barack Obama denne veka kjem for å motta Nobels fredspris. Men frå den nordlegaste landsdelen blir det ingen bidrag.

- Det må skuldast behovet. Dei har ikkje bede om folk frå oss, seier stasjonssjef Knut Danielsen ved Bodø politistasjon.

Politiet i Oslo mangler både utstyr og politifolk til Barack Obama sitt besøk, seier stabsjef Johan Fredriksen i Oslo-politiet. Difor hentar dei no inn store politi-ressursar og utstyr frå distrikta.

Les: Slik er Oslo under Obama-besøket

Men verken frå Salten politidistrikt, eller nokon av dei andre politidistrikta i nord, blir det sendt politifolk til Oslo for å hjelpe til.

- Grensa er satt ved Sør-Trøndelag, seier Danielsen.

Blanda reaksjon

Barack Obama

Barack Obama

Foto: Charles Dharapak / Scanpix/AP

For Salten politidistrikt kjem Obama-besøket samtidig som store ressursar lokalt er sett inn i etterforskinga av den alvorlege saka , kor ein 35-åring er sikta for seksuelle overgrep mot born.

- Sånn sett kan du seie at vi ikkje er skuffa, men takksame for at vi ikkje treng å gi frå oss ressursar, seier Danielsen.

Obama blir omtala som eit av dei største terrormåla i verda. Norsk politi må difor gjennomføre det som truleg er dei mest omfattande tryggingstiltaka her i landet nokosinne.

- Vi er ikkje snurtne for at vi ikkje får delta. Tvert imot. Men vi bisto under OL på Lillehammer, og det var ei god erfaring. Dette er jo ei storhending, så for politidistriktet og den enkelte si erfaring hadde det sikkert vore fint å kunne ha vore involvert.

- Handlar ikkje om kompetanse

Under presidentbesøket vil Oslo sentrum bli delt inn i fem tryggingssoner. Eit stort oppbod av væpna politi vil vere synleg, og skarpskyttarar vil bli utplassert på strategiske stader. I tillegg vil moglege gøymestader for bomber, som søppelkasser, bli fjerna. Kumlokk vil bli sveisa igjen og kloakktunnelar avstengt for ferdsel.

Kumlokk Obama

Over 400 kumlokk blir sveisa igjen i Oslo sentrum.

Foto: NRK

Arbeidet krev nøye planlegging og skjerpa politifolk på vakt. Danielsen har ingen tru på at årsaka til at ingen politifolk frå Nord-Noreg skal delta, er at dei ikkje er gode nok.

- Nei nei, tvert imot. Det går ikkje på kompetansen. Men i Oslo tenkjer dei kanskje at det er vanskelegare eller dyrare å hente ned folk frå Nord-Noreg, seier han.

Danielsen legg til at politifolk frå Bodø ved fleire høve har hospitert både i politiet sin spesialstyrke og utlendingteneste.

- Topp beredskap i nord

Salten politidistrikt

Salten politidistrikt

Foto: Ola Helness / NRK

Med det enorme fokuset og ressursbruken politiet har på besøket av Obama denne veka, kan det tenkjast at kriminelle ser sitt snitt til å utnytte dette til å utføre lovbrot i andre delar av landet.

Men Danielsen åtvarar kriminelle som trur Obama-besøket er eit godt høve til å gjere eit brekk i Nordland.

- Vi vil vere klare om det kjem mobile vinningskriminelle. Då er vi topp førebudd, seier han.

Tryggingstiltaka i hovudstaden vil vare til president Obama har reist frå Oslo fredag 11. desember, om planane som no er lagt blir fulgt.