09.02.2012

Opnar «Mini-Kollen» i dag

Hoppbakken i Bø (Foto: Hilde Klaussen, Steine skole)

Nye hopptalent? Gulled og Fatia prøvar seg i hoppbakken ved Steine skule for første gong.

Foto: Hilde Klaussen, Steine skole

Vesterålen kan neppe skryte av å ha oppfostra mange store skihopparar, men no tar hoppinteressen bokstaveleg talt sats.

Lite snø og plussgrader.

I dag klokka 12 opnar er det offisiell opning av den nye hoppbakken i Bø i Vesterålen. Hoppbakken er bygd i samband med uteområdet ved Steine skule.

– Eg har aldri høyrt om ein kjend skihoppar frå Vesterålen. Men når det er så lite snø som det er, så får elevane aldri hoppa på ski heller, seier rektor Hans Kristian Pettersen til NRK.

Dermed tok skuleleiinga saka i eigne hender, og bygde ein hoppbake som både elevar og vaksne no kan glede seg over.

- Vi har bygd ein hoppbakke i plast som kan brukas heile året, med porselenspor og med kunstgras som underrenn, seier Pettersen.

Fekk spelemidlar

Ved skulen fekk dei ideen til prosjektet, då dei såg eit bilete av ein likande hoppbakke i eit blad.

– Vaktmeisteren har vore veldig positiv til det, og vi har søkt spelemidlar, og fått det frå fylkeskommunen. Vi kjøpte inn alt sjølv, seier Pettersen.

Til saman har hoppbakken, med leige av maskinar, kosta 82.000 kroner. Spelemidlane dekte utgiftene for skulen, som no oppmodar andre til å prøve liknande prosjekt.

– Det storstilte bygginga av ballbingar har jo vist at det er mogleg. Så vi tenkte jo at vi kunne prøve å få til noko. Kanskje får vi sjå nokre kjende hopparar frå Bø om ei stund.

Ordføraren opnar bakken

Ordføraren i Bø, Sture Pedersen (H), tar med seg 150 bollar når han kjem til skulen for å offisielt opne bakken i dag. Men ski tar han ikkje med seg.

– Hoppformen er ikkje heilt inne. Eg har nok prøvd det i mine ungdomsdagar, og det var snakk om at eg skulle hoppe. Men eg har fleire viktige møter framover, så det ville vore for ille om eg måtte avbryte dei på grunn av ein knekt arm eller

Sture Pedersen (Foto: Kari Skeie)

Ordførar Sture Pedersen (H).

Foto: Kari Skeie
fot, humrar Pedersen.

Ordføraren skryt uhemma av arbeidet som er gjort ved skulen, og trekk fram vaktmeisteren som ei viktig ildsjel bak prosjektet.

– Faktisk er heile uteområdet fantastisk bra, med to fotballbanar, handballbane, ballbinge, Bø-hallen med fylt basseng, og no hoppbakke, seier Pedersen.

Startar hoppklubb

Sjølv om Bø kommune ikkje har store hopptradisjonar, har den nye hoppbakken skapt interesse for sporten allereie før den er offisielt opna.

– Idrettslaget startar ein liten hoppklubb i neste veke, så her blir det faktisk hopping, seier rektor Hans Kristian Pettersen ved Steine skule.

Bakken har vore klar til bruk i nokre dagar, og både elevar, rektor, vaktmeister og ein av lærarane satte utfor for å sjekke ut om dette var trygt. Alle er framleis på jobb, hevdar Bø kommune på sine nettsider.

Bakken blir offisielt opna i dag klokka 12.

Banner valgresultat 2011 468x110

Siste: Nordland

Bildegalleri Nordland

Siste riksnyheter

nrk.no/sport

Siste: Nordland

Banner valgresultat 2011 174x220