10.02.2012

Etterlyser strengare krav

Rusavhengige (Foto: Kate Barth-Nilsen/NRK)

I dag stiller ingen krav til retningslinjer for behandling ved private rusinstitusjonar.

Foto: Kate Barth-Nilsen/NRK

I dag er det ingen som stiller krav til private rusinstitusjonar. Dette er ikkje godt nok, meinar pasientombodskollegiet.

Helsedirektoratet etterlyser offentleg godkjenning av alle institusjonar som skal behandle rus -og psykiatripasientar.

Ingen stiller i dag krav til kvaliteten på private institusjonar som skal behandle pasientar med store rus -og psykiatriske problem.

Det byr på utfordringar, meinar Helsedirektoratet.

Problematisk

- Det er proplematisk. Det skal vere kvalitet på behandlinga. Det er dei regionale helseføretaka som har kompetansen til å finne ut om behandlinga er av god kvalitet, seier nestleiar i kollegiet for pasientomboda i Noreg, Kjell Vang.

Norsk helsevesen sender pasientar med tunge rus -og psykiatriproblem til institusjonar der helsevesenet ikkje veit kva som møter pasienten. Ingen har definert krava som skal stillast til ei slik spesialisert behandling. Og ingen har ansvaret for å godkjenne private institusjonar som skal behandle ruspasientar. Dette går ikkje lenger, meinar pasientombuda.

Etter påtrykk frå pasientomboda innrømmer no Helsedirektoratet at det som skjer ikkje held mål. Direktoratet ser alvorleg på at klagane på ein del av dei private institusjonane no strøymer på og lovar å aksjonere.

Det er nestleiar i pasientombodskollegiet, Kjell Vang glad for.

- Me må tru at det vert ei ordning som sikrar kvaliteten ved rusinstitusjonar som skal drive spesialisert rusbehandling, seier Vang.

Banner valgresultat 2011 468x110

Siste: Nordland

Bildegalleri Nordland

Siste riksnyheter

nrk.no/sport

Siste: Nordland

Banner valgresultat 2011 174x220