Hopp til innhold

Utvidar samarbeidet i påske-trafikken

Statens Vegvesen samarbeidar no meir med politi og radiostasjonar for å raskare få ut informasjonen i påsketrafikken.

Takboks, skiboks

Statens vegvesen oppmodar alle til å ta det roleg i påsketrafikken.

Foto: Fjeldstad, Knut / SCANPIX

Dei fem vegtrafikksentralane til vegvesenet er bemanna døgnet rundt.

Dessutan kan alle oppdatere seg på vegforholda via automatisk oppdatering av vegmeldingar på vegvesen.no, NRK tekst-tv og automatisk telefonsvararar.

Du kan også gå inn på nettsidene til Statens vegvesen

Sjekk vegmeldingane

Statens vegvesen rådar alle påsketrafikantar til å planlegge turen godt. Dei rådar mellom anna alle til å sjekke vegmeldingane og til å velje ein annan veg om det er mogleg. Statens vegvesen skriv i ei pressemelding at folk heller bør velje ein annan veg, dersom det vert kolonnekøyring. Grunnen er nye reglar for kolonnekøyring, som kan gi lengre tid å vente. Nokre stadar eksisterer det ikkje omkøyringsmoglegheitar. Då bør ein førebu seg godt eller vurdere om reisa kan utsettast.

Brøytemannskapa kan avvise trafikantar dei forstår kan kome til å få problem med å verte med i kolonna. Det kan vere personar som ikkje har varme klede, køyretøy som har tekniske manglar eller køyretøy som ikkje er tilstrekkeleg "skodd" for slik køyring.

Unngå forbikøyringar

Politiet og Statens vegvesen ber alle om å unngå forbikøyringar, fordi det skapar farlege situasjonar i påskeutfarten og heimfarten. Dei peikar også på at det er lite å vinne på å bryte ut av dei lange køane.

- Du aukar sjansane for ulukker betydeleg med ein aggressiv køyrestil. Førarar som held mindre ein eitt sekund avstand til bilen føre har vesentleg høgare ulukkesrisiko enn andre. Sjølv små brot på fartsreglane er grunnen til ei kraftig auke i ulukkesrisikoen, seier Finn Harald Amundsen i Statens Vegvesen.