Hopp til innhold

Vil du bli praktikant i NRK?

Nynorsk mediesenter i Førde tek frå 24. august 2009 inn fem nynorskpraktikantar for opplæring og praksis i seks månader.

Nynorsk mediasenter

NOE FOR DEG? Nynorsk mediesenter tar inn praktikanter for opplæring.

Foto: NRK

Dei får lære journalistikk for radio, fjernsyn og internett og nynorsk eterspråk.

Opplæringa er svært praktisk, og skjer i hovudsak i redaksjonen til NRK Sogn og Fjordane og andre NRK- redaksjonar.

Føremålet er meir dialekt og nynorsk i etermedia.

Arbeid i NRK

For å bli nynorskpraktikant må du ville bli journalist, og vere nynorskbrukar.

Vi leitar etter engasjerte og godt orienterte folk, også med fleirkulturell
bakgrunn.

Det er løn i opplæringstida, men ingen garanti om arbeid etterpå.
Vel 80% av dei vi har lært opp har heil- eller deltidsarbeid i media, tyngda i NRK.

Les mer: Nynorsk mediesenter

Merk søknaden:

“Nynorsk 01/09”
Nynorsk mediesenter, Prestebøen 2, Boks 100, 6801 Førde