Psykiatrien i Nordland nyttar mindre tvang enn landsgjennomsnittet. Berre 25 personar per 10 000 innbyggjar vert tvangsinnlagt.
Rådgjevar i Rådet for Psykisk Helse Olav Nyttingnes seier at ein i Nordland nyttar andre metodar.
- Nordlandssjukehuset har vore flinke til å finne alternativer til frivillig hjelp, seier han.
Helse Nord og Nordlandssjukehuset ligg tre til fire prosent under landsgjennomsnittet både når det gjeld henvisningar om bruk av tvang og tvangsinnleggjingar. Og dei regionale skilnadane er store på landsbasis.
- Det er fleire årsakar til dette seier seniorforskar Trond Hatling ved Sintef Helse.
Men rådgjevar Olav Nyttingnes i Rådet for Psykisk Helse meinar at bruken av tvang kan halverast.
- Vi kan komme tvangen i forkjøpet dersom vi lærer av dei beste områdene i landet, seier Nyttingnes til NRK.