22.03.2010

Pårørande gir seg ikkje

Bilde av vrakrester fra et Twin Otter-fly som styrtet på Grytøya  (Scanpix)

Vrakrestar fra Twin Otter-flyet som styrta på Grytøya

Scanpix

Dei etterlatne etter passasjerane som omkom i Grytøya-ulukka trekkjer ikkje søksmålet mot staten, og krev eit godt tilbod for å inngå forlik.

I dag møtte dei etterlatne advokaten sin, Arne Meltvedt, i Bodø for å diskutere søksmålet mot staten.

Alle dei 17 ombord i Twin Otter-flyet omkom då flyet styrta ved Grytøya i Troms i 1972. I 30 år skjulte forsvaret rapporten som dokumenterte at Forsvaret kjente til alkoholproblema til flygaren.

Grytøya (kart)

17 OMKOM. Alle de 17 ombord omkom då flyet styrta.

Meltvedt seier til NRK at dei pårørande framleis står ved søksmålet.

- Eg tar eit møte med regjeringsadvokaten for å høyre kva dei eigentleg kan tenkje seg å tilby. Får vi ikkje ei skisse med eit vesentleg forlik som vi er nøgde med, så går vi vidare, seier han.

Pengar viktigast

I desse dagar skulle erstatningssaka ha gått for Trondenes tingrett, men saka blei utsett for at partane skulle forhandle om eit forlik. Meltvedt seier dei etterlatne er ved godt mot til å kjempe vidare.

- Det er full tilslutning om å gå vidare med søksmålet om vi ikkje finn ei løysing som er tilfredsstillande.

Torsdag skal Meltvedt i samtalar med regjeringsadvokaten for å høyre kva tilbod staten kan komme med.

- For mine partar er det viktig at dei får ei erkjenning i klartekst over kva dei har vore utsett for, med tap av hustru og barn. Og vi har ikkje nokon annan måte å lindre slike ting på enn gjennom pengar, seier Meltvedt.

Twin Otter likt det som styrtet på Grytøya (Scanpix)

TWIN OTTER: Det var eit slikt fly som styrta ved Grytøya i 1972.

Scanpix

Om partane ikkje blir einige om eit forlik no, hamnar saka i Trondenes tingrett i januar. Der skal retten ta stilling til om saka er forelda.

- Vi meiner på vår side at saka ikkje er forelda trass i den lange tida som har gått. Mine partar fekk kunnskap om at kapteinen hadde sine problem først for knappe tre år sidan.

Siste: Nordland

Bildegalleri Nordland

Siste riksnyheter

NRKsport.no

Siste: Nordland