Hopp til innhold

Hissige sjåførar tok ein Fleksnes

Hugsar du episoden då Marve Fleksnes nektar å rygge då han møter en "fiin herre i dyr bil" på ein smal veg?

Fleksnes

LIKE STA: Skodespelar Rolv Wesenlund spelar Fleksnes. Her nektar han å rygge når han møter Henki Kolstad på ein smal veg.

Foto: Sverre A. Børretzen / Scanpix

Det same skjedde då to hissige sjåførar i ein personbil og eit vogntog møtte kvarandre på Røssvollbrua på E6 i Rana i helga.

Ingen av dei ville rygge - og det enda med politiutrykking, kaos lange køar.

Kaos

Politiet fekk meldinga like før midnatt søndag kveld. Då ein personbil og ein trailer møtte kvarandre på Røssvollbrua i Mo i Rana vart det kaos. Ingen av dei ville rygge, og det skapte køar i begge retningar.

- Vi måtte rykke ut og løyse opp i korket. Då vi kom fram fekk vi høyre ulike versjonar av kva som hadde skjedd, men situasjonen løyste seg, seier operasjonsleiar i Helgeland politidistrikt Lisbeth Aarvik.

HØR: Politiet om fleksnes-bilistene som nektet å rygge. v/Knut Folkestad

Like sta som Fleksnes

- Det er jo litt Fleksnes. Der var det vel ein episode kor dette skjedde, seier Aarvik.

I den velkjente episoden i serien om Marve Fleksnes, med Rolv Wesenlund i hovudrolla, nekta Fleksnes å rygge då han møter Henki Kolstad sin Jaguar på ein smal vinterveg. Den komiske situasjonen kan oppstå i den verkelege verda også.

- Vi har vore borti det før, men det går lang tid mellom kvar gong. Som regel blir jo folk einige.

Episoden får ikkje etterspel, sjølv om politiet måtte rykke ut for å løyse opp floka.

- Nei, vi kan jo ikkje slå fast kven som har gjort kva her. Vi får berre oppmode folk til å bruke sunn fornuft.