Hopp til innhold

Ingen store endringar

Forsvarsbudsjettet viser ingen store endringar i løyvingane til forsvaret rundt om i landet. Dei fleste planane vert vidareført.

Kveldsstemning på Ørlandet
Foto: Øystein Paulsen / Forsvaret

 Finnmark

  • Aktiviteten knytta til grensevakta i Sør-Varanger vert den same som før.
  • Talet på menige ved Porsanger garnison vert det same i 2008 som i 2007.

Troms

  • Troms vil fortsatt vere eit kjerneområde for verksemda i forsvaret. Hæren vert fortsatt betydeleg prioritert med ei reell auke på 146 millionar kroner samanlikna med saldert budsjett for 2007.
  • Forsvarsdepartementet har godkjend prosjekt for forbrukshall på Skjold med ei kostnadsramme på 93 millionar kroner. Det vert foreslått å utvide prosjektet til det som eigentleg var planlagd med ei ny kostnadsramme på 133 millionar kroner.

 

 Nordland

  • Bodø hovudflystasjon og Landsdelskommando Nord på Reitan vil forsatt vere eit kjerneområde for forsvaret i 2008.
  • Budsjettet til kystvakta vert vidareført i budsjettet, med KV Nord lokalisert til Sortland.

Sør-Trøndelag

  • Befalsutdanninga til heimevernet og talet på menige inne til fyrstegongsteneste på Værnes vert foreslått uendra i 2008.

Hedmark

  • Forsvarets spesialkommando/ Hærens jegerkommando(FSK/HJK) vert videreført i 2008, på same nivå som i 2007.

Rogaland

  • Joint Warfare Centre på Jåttå utanfor Stavanger. Prosjektet skal vere klart våren 2009. Prosjektet kostar 165 millionar.

Hordaland

  • Kystvakta med KV Sør lokaliserast til Haakonsvern og vert foreslått vidareført.