Hopp til innhold

- Bellona er bremsekloss

Bellona tek alle verkemiddel i bruk for å stoppe oljeboring, meiner LO-sekretæren i Nordland.

Bellona skyt langt over mål når dei no prøver å få stoppa seismikkskytinga utanfor Lofoten og Vesterålen. Det meiner LO-sekretær i Nordland, Øivind Silåmo.

- Dei er ikkje interesserte i at vi skal få ei avgjersle i 2010 om kor vidt ein skal opne Nordland VI eller VII for oljeboring, seier Silåmo.

- Eitt av mange påfunn

Å skyte med seismikk vil seie å sende kraftige lydbølgjer ned mot havbotnen, for å leite etter olje eller gass. Det er usemje om kor skadeleg dette kan vere for naturen og livet i havet. Bellona har no meldt oljedirektoratet til politiet for støyforureining.

Dette er berre eitt av fleire påfunn frå Bellona for å få stoppa leiting etter olje, meiner Silåmo.

- Desse seismiske undersøkjingane er jo ein del av det som låg i den heilhetlege forvaltningsplanen, som styresmaktene har vedteke skal gjennomførast, seier distriktssekretær Øivind Silåmo i LO Nordland.