11.02.2012

Avlyser krisesenterkonsert

Bobbysocks (Foto: Nedrås, Knut/Scanpix)

Bobbysocks var nokre av artistane som skulle stille gratis.

Foto: Nedrås, Knut/Scanpix

Konserten til støtte for Krisesenteret ytre Helgeland vert avlyst. Årsaka er at sponsorane svikta.

Arnt Fredrik Hansen er ein av arrangørane og er svært skuffa.

- Eg tykkjer det er ein tragedie, sjølvsagt. Den artistlista vi hadde var ei gåve. Det er veldig trist å måtte ringe rundt og seie "nei, dessverre, vi kan ikkje ta i mot dykk".

Bobbysocks og Wenche Myhre

Tidlegare har store selskap som NSB, Widerøe og Norwegian stilt opp. Store stjerner som Bobbysocks, Wenche Myhre, Benedicte Adrian og Are Kalvø skulle alle stille opp gratis; i tillegg til ei rekkje lokale namn. Men ein måtte avlyse alt fordi sponsorane svikta

- Det er ei samla vurdering som seier at det ikkje er økonomisk forsvarleg å gjennomføre konserten.

- Kva vil det seie?

- Vi har fått inn for lite sponsorpengar, og dei samarbeidspartnarane vi har hatt tidlegare var ikkje med denne gongen. Det er beklageleg. For rekninga vert for stor til å at vi kan sitje med den åleine.

Dårlege tider er årsaka?

- De har ikkje vore for ambisiøse og hatt for store kostnadar?

- Nei, kostnadane kjem av seg sjølve når ein skal arrangere noko.

- Kva har du å seie til sponsorane som ikkje ville stille opp?

- Eg håpar at det er dårlege tider, og ikkje prosjektet i seg sjølv, som gjer at dei ikkje stiller. For Krisesenteret treng all den hjelp dei kan få, seier Arnt Fredrik Hansen.

Banner valgresultat 2011 468x110

Siste: Nordland

Bildegalleri Nordland

Siste riksnyheter

nrk.no/sport

Siste: Nordland

Banner valgresultat 2011 174x220