Hopp til innhold

- Må lære å tape og vinne

Direktør Tarje Nordstrand Jacobsen i Molde Fotballklubb har lite sans for tremålsregelen som blir prøvd ut for 13- og 14-åringar i Sunnmøre Fotballkrins.

Tarje Nordstrand Jacobsen, Molde Fotball
Foto: NRK

- Det blir som om for eksempel ein langrennsløpar ikkje skulle få lov til å vinne med meir enn to sekund, seier Molde-direktøren, som meiner det er viktigare at barn er i aktivitet og lærer seg både å tape og å vinne.

- Å innføre ein slik regel kan vere å gjere dei ei bjørneteneste på sikt.

Islandsk idé

Geir Hansen

Assistenttrenar i AaFK, Geir Hansen er kritisk.

Foto: NRK

Ordninga er prøvd ut på Island der det har gitt gode resultat ifølgje Sunnmøre Fotballkrins. Målet er meir fokus på utvikling og mindre fokus på resultat, slik at flest mogleg får speletid i staden for at lagleiarane toppar laget heile tida. I tillegg får ein vekk kalassiffer som 10-0 og 20-0.

- Flytt dei opp

Assistenttrenar i AaFK, Geir Hansen, vil heller ikkje ha slike siffer, men han meiner tremålsregelen er feil løysing.

- Gode spelarar og gode lag må heller flyttast opp ei eller to årsklasser, seier Hansen.

Hans Olav Vattøy

Hans Olav Vattøy i Hødd.

Foto: NRK

- Merkeleg regel

Også Hans Olav Vattøy, som er sportsleg leiar i ungdomsavdelinga i Hødd, meiner løysinga er å flytte dei beste opp. Vattøy synest tremålsregelen er merkeleg, også spelarutviklingsargumentet er han kritisk til.

- Å ta dei beste ut av banen når du leiar med fire-fem mål blir ikkje spelarutvikling for dei, seier Vattøy.

- Vi må ikkje bekjempe ønskjet om å vinne. Vi er litt for flinke til å halde nede dei gode i Noreg, og det er eg motstandar av, seier assistenttrenar i AaFK, Geir Hansen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL