Hjørungavåg-slaget i norsk historie og kulturdebatt
Redigert av Stein Ugelvik Larsen. Medforfattarar: Knut Helle og Arne Øvrelid (historikarar), Oddvar Nes (språkforskar), Bergljot Solberg (arkeolog).
280 sider (store!)
Sunnmørsposten Forlag, Ålesund 2006
På slutten av 900-talet sende danskekongen ein hær av profesjonelle krigsmenn – jomsvikingane – til Noreg for å knekkje Håkon jarl, som sat med makta i Trøndelag og på Vestlandet. Håkon hadde vore danekongen sin mann, men hadde vendt seg mot han. I eit slag i Hjørungavåg på Sunnmøre sigra Håkon over jomsvikingane.
Hjørungavåg (Liavågen). Foto: Bjarne Skarbøvik
1000 år og enno uvisst
Eg trur ikkje eg øydelegg spenninga for nokon når eg like godt fortel med det same at boka ”Striden om stedet” ikkje gir noko svar på det spørsmålet som har oppteke historieinteresserte debattantar i hundre år og meir: Kvar stod slaget i Hjørungavåg? For etter å ha lese dette store og gjennomillustrerte verket, kan ein berre konkludere:
- Vi veit ikkje akkurat når slaget stod (men det må truleg ha vore ein gong mellom 975 og 995).
- Vi veit ikkje kvar på Sunnmøre slaget stod.
- Vi er ikkje sikre på om det var jomsvikingane som slost med Håkon jarl.
- Vi veit ikkje eingong om det i det heile fanst nokon stad som heitte Hjørungavåg på den tida – namnet kan vere laga av sagaforteljarar, eller det kan vere ei forvansking.
Men vegen til desse konklusjonane er full av lærdom, interessant informasjon, overraskingar, ja til og med humor!
Haglvêret under slaget i Hjørungavåg. Frå den illustrerte Snorre-utgåva. Teikning: Halfdan Egedius
Mange kjelder – strid debatt
Stein Ugelvik Larsen har redigert boka "Striden om stedet"
Redaktøren Stein Ugelvik Larsen og medforfattarane hans har studert alle kjelder som fortel om slaget i Hjørungavåg, stilt dei opp mot kvarandre og vurdert i kor stor grad vi kan lite på det dei fortel. Ein ”gaida tur”, som reiselivsfolk seier, blant skaldar og sagaskrivarar.
Den vesle soga om korleis Liavågen i Hareid i moderne tid fekk (fekk tilbake?) Hjørungavåg-namnet er sjølvsagt også med. Som kjent er mange usamde i at Liavågen er sagaens Hjørungavåg. Grundig kjeldelesing har gjennom åra fått fagfolk og lekfolk til å plassere slaget også i Aspevågen, Steinvågen, Flisvågen, Hjørundfjorden, Ørstafjorden, Havåg og andre stader.
Boka teiknar eit detaljert og levande bilete av denne århundrelange diskusjonen, som tilspissa seg på 1980-talet med profilerte deltakarar som Anders Hustadnes og Einar Klokkersund.
Det kunne vore lett for faghistorikarar å gjere til latter mykje av det folkelege engasjementet i debatten om slaget. Det er ein styrke ved boka at ho i staden behandlar debattantane med respekt, utan dermed å stikke dei kuriøse og komiske sidene ved debatten under stolen eller tape av syne kva som kan reknast som seriøs historiegransking.
God å ha
No i mai er det 20 år sidan 1000-årsminnesmerket for slaget i Hjørungavåg blei avduka av kong Olav på Ovraneset i Hareid, ved innløpet til vågen der slaget skal ha stått. Mange vona nok då at den århundrelange usemja om slaget var til endes.
Men som det går fram av ”Striden om stedet”: Nye teoriar om slagstaden er sette fram også etter den tid. Og bra er det. Vi treng slike debattar, det kan berre auke interessa for historia vår. Og vi treng bøker som denne, som kan hjelpe til å halde diskusjonane på rett kjøl.
Praktverk med små flekkar
Ein bør ha god tid når ein skal lese ”Striden om stedet”. Sidene er store, dei er tettpakka med opplysningar og dei er gjennomillustrerte. Stort sett er det ein fryd både å bla og lese i denne boka.
Synd er det då at forlaget ikkje har spandert på seg eit grundigare korrekturarbeid. I delar av boka er det for mange trykkfeil, redigeringsfeil og inkonsekvensar. Som amatør ventar eg ikkje å kunne gripe forfattarar av eit slikt kaliber i faktafeil, og har heller ikkje funne noko alvorleg å setje fingeren på. At illustratøren av NS-publikasjonen ”Sagaen forteller” på to stader er forveksla med ein journalist og redaktør med same etternamn, må vel skrivast på hastverkskontoen, likeins at Snorre-illustratøren Halfdan Egedius ein stad har fått feil fornamn.
Men dette er no likevel underordna. Hovudkonklusjonen blir: Den som heretter uttalar seg om slaget i Hjørungavåg og ventar å bli høyrd, bør ha lese ”Striden om slaget”. Alle andre historieinteresserte også, forresten. Her er mykje å lære, blant anna om kjeldekritikk. Og det er vel framleis lov til å lære litt av det ein les?