Hopp til innhold

Går for eitt felles sjukehus for Nordmøre og Romsdal

Det går mot eitt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal. Sjukehuset skal vere bynært på aksen mellom Hjelset og søre del av Frei.

Sjukehusdirektøren i Møre og Romsdal går inn for eitt nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal. Eit sjukehus bygd midt i mellom Molde og Kristinsund er uaktuelt. Hjelset og Frei er dei to aktuelle områda som er peika ut.

Sjå video frå pressekonferansen til Helse Møre og Romsdal.

Astrid Eidsvik på pressekonferanse

Astrid Eidsvik under pressekonferansen i dag.

Foto: filmrull / NRK

Administrerande direktør Astrid Eidsvik var heilt klar i sin konklusjon. Det skal byggjast eitt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal. Og sjukehuset skal vere bynært. Likevel kan det gå opp i to år før det blir avgjort kvar sjukehuset skal ligge.

Geografispørsmålet uløyst

Eidsvik ønskjer ein idefase for geografisk plassering på aksen frå-og-med Hjelset til og med søre del av Frei.

– Mi tilråding er at vi skal ha ein løysingsmodell etter aksen frå Hjelset i sør til det søre punktet på Frei, langs E39 og Rv 70. Dette løysingsalternativet har utgangspunkt i tilgjengelegheit og rekruttering, sa Astrid Eidsvik.

Ikkje midt mellom byane

I prosessen har det kome opp som alternativ å byggje felles sjukehus ein stad midt mellom Molde og Kristiansund. Eidsvik avviser ei løysing der sjukehuset blir bygt like langt borte frå Kristiansund som frå Molde.

– Ei midt-mellom-løysing vil svekke, snarare enn å styrke, byane våre. Det er også slik at vi har teke på alvor høyringane frå dei tilsette sine organisasjonane. Det er stor risiko å velje ei løysing midt mellom byane, sa Eidsvik.

Val av struktur

Dette inneber at den første avgjerda ikkje blir ei geografiavgjerd, men meir ei avgjerd om sjukehusstruktur. Den endelege avgjerda når det gjeld geografi skal vente.

– Vi skal no gjere val på struktur for Nordmøre og Romsdal. Vi må forhalde oss til planprosessane. Vi må unngå å få utviklingsplanen i retur ein gong til.

– Utgangspunkt i bynært

Astrid Eidsvik sa på pressekonferansen at ho vil legge stor vekt på at det nye sjukehuset skal vere bynært. Ho var imidlertid ikkje klar på kva ho tykkjer er bynært nok.

– Vi må halde oss innan aksen mellom Hjelset og søre Frei, og ta med oss vidare dei vektige argumenta som har kome gjennom høyringsprosessen. Det er viktig å ta utgangspunkt i bynære alternativ, sa Eidsvik.

Sjukehusdirektøren i Møre og Romsdal går inn for eitt nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal. Eit sjukehus bygd midt i mellom Molde og Kristinsund er uaktuelt. Hjelset og Frei er dei to aktuelle områda som er peika ut.

Sjå video frå pressekonferansen til Helse Møre og Romsdal.

Samhandlingsreforma

Dette kan innebere at den byen som ikkje får vere vert for det nye sjukehuset likevel får eit slags sjukehusliknande tilbod, gjerne innan poliklinisk behandling. Dette skal sjåast opp mot det som samhandlingsreforma seier om distriktsmedisinske senter.

– Høyringsfråsegnene seier at vi har vore utydelege i forhold til samhandlingsreforma. Det betyr at vi i saka legg vekt på at vi har eit arbeid å gjere for å sjå på desentraliserte tilbod i dei folketette områda. Vi må sjå om det er behov for å byggje opp samhandlingsarenaer, i eigen regi, eller privat og med avtalespesialistar, sa Eidsvik.

Funksjonsfordeling

Når det skal planleggast eit heilt nytt sjukehus, kan sjukehustilbodet i heile Helse Møre og Romsdal kome til å bli vurdert. Her blir det snakk om ei samordning av kva funksjonar dei forskjellige sjukehusa skal ha.

– Som ledd i dimensjonering av nytt akuttsjukehus i Nordmøre og Romsdal, må føretaket gå ytterlegare inn i samarbeid og funksjonsfordeling mellom alle sjukehusa i føretaket, sa direktøren under pressekonferansen.

– Ein utfordrande periode

Eidsvik åtvara mot at perioden som kjem skal føre til at tilbodet til pasientane vert dårlegare. Det skal gjerast mykje planleggingsarbeid, og etter kvart byggjearbeid.

– Fleire har peika på den krevjande perioden vi går inn i. Vi må også i denne perioden ha eit godt spesialisttilbod. Vi må ikkje skape uvisse i befolkninga. Vi må vidareutvikle fagmiljøet også i interimsperioden. Dette er eit fellesprosjekt der vi er avhengige av fagmiljøa både i Molde og Kristiansund for å lykkast, sa Eidsvik.

– Idéfase om geografi

Straks prinsippvedtaket om eitt felles sjukehus er gjort, startar utgreiingane om kvar sjukehuset skal ligge. Eidsvik var tydeleg på at sjukehuset skal vere bynært.

– Vi går no inn i idéfasen for ei geografisk plassering. Vi understrekar fordelane ved eit bynært akuttsjukehus. Vi føreset at det vert teke omsyn til desse vurderingane i det vidare arbeidet, sa Eidsvik.

– Rask avklaring

Dermed bed Eidsvik om at geografispørsmålet blir avgjort så kjapt som mogleg. Men ho sa også at dette kan ta mellom halvanna til to år.

– Av omsyn til innbyggjarar og fagmiljø ber styret om avklaring av geografisk plassering så raskt som det let seg gjere. Mange har bede om ei så klar geografisk innsnevring så langt som råd er. Aksen frå Hjelset til søre del av Frei er så langt som det er mogleg for meg å gå i dag, om vi skal halde oss innan tidlegfase-planlegginga.

Langtidsbudsjettet

Sist stranda sjukehusplanane på at det ikkje var tydeleg at Helseregionen hadde nok pengar til å realisere byggjeplanane. No bed Helse Møre og Romsdal om at dei økonomiske rammene blir samordna med langtidsbudsjettet. Byggjestart blir sett til 2018.

– Helse Møre og Romsdal HF ber styret i Helse Midt-Norge RHF om å slå fast, i tråd med gjeldande premiss og føringar for langtidsbudsjettet i regionen, at det vil føreligge økonomisk handlingsrom for ei investering i nytt akuttsjukehus i Nordmøre og Romsdal i 2018, sa Eidsvik.

Forankra oppe i systemet

Mykje tyder på at konklusjonane til Eidsvik er klarerte høgt opp i systemet. På pressekonferansen stadfesta Eidsvik at ho har hatt ein nær dialog med leiinga i Helse Midt-Noreg.

– Eg har støtte for denne konklusjonen eg har presentert i dag. Eg forheld meg til Helse Midt-Noreg i den dialogen eg har hatt. Dette gjeld også den finansielle biten. Vi skal innfri rammene i langtidsbudsjettet, sa Eidsvik.

Uklar om bynært

Under pressekonferansen blei Eidsvik utfordra på kva ho meiner med eit bynært sjukehus. Ho avslo å vere særleg tydeleg på det.

– Ei løysing midt mellom byane blir vurdert som ei dårleg løysing. Ut over dette vil eg ikkje vere meir konkret på kva som ligg i omgrepet «bynært», sa Eidsvik.

Slik ser tidsplanen for behandlinga ut. Mykje skal dermed vere avgjort før jul:

  • Administrerande direktør vil offentleggjere si tilråding om utviklingsplan 5. desember
  • Saka blir lagt fram for styret for Helse Møre og Romsdal til avgjerd 13. desember
  • Styret for Helse Midt-Norge handsamar saka 14. desember